Kristenfolket og staten Israel
Det er freistande å seie at store delar av kristenfolket har «snudd kappa etter vinden», eller skal vi heller seie etter det politisk korrekte.
Med Israel for fred (MIFF) sitt søkjelys på årets Operasjon Dagsverk har ført til kraftige reaksjonar frå KFUK-KFUM, og noko meir moderat frå leiaren av organisasjonen Sabels venner i Norge, professor i internasjonal diakoni, Hans Morten Haugen (Dagen, 9.11).
Sistnemnde sitt innlegg har overskrifta «MIFFs upresise svertekampanje», men i sjølve teksten nøyer han seg med å krevje at Conrad Myrland i MIFF må vere meir presis i ordbruken. Og det må vere lov å be om – vi treng alle å tenkje gjennom ordbruken vår.
Noko anna er den einsidige og ofte fiendtlege haldninga til Israel som ikkje berre KFUK-KFUM, men også Kirkens Nødhjelp og mange i Den norske kyrkja, særleg Mellomkyrkjeleg råd, representerer. Og som MIFF med god grunn har påtalt i både i denne og andre samanhengar.
Som historikar arbeidde eg i mange år med jødisk historie, noko som blant anna resulterte i ei bok om norske haldningar til jødane og staten Israel, «Jødefolket inntar en særstilling». Norsk haldningar til jødane og staten Israel (2008).
Boka er fyrst og fremst ein analyse av dei skiftande haldningane i norsk presse etter krigen, men har også ein del om kristenfolket sine haldningar spesielt, og då i eit lengre perspektiv.
Denne delen bygde på ein artikkel eg hadde i Historisk tidsskrift om same tema nokre år tidlegare, «Fordomar og fiendskap – samkjensle og solidaritet. Jødane og staten Israel i norsk kristenliv» (2004).
Ein ting som slo meg, var kor mykje av jødehatet som har hatt kristeleg forteikn. Framfor alt gjeld dette fiendskapen mot jødane på religiøst grunnlag, antijudaismen, som kan sporast tilbake til 200- og 300-talet og som både katolikkar og protestantar har vore eksponentar for.
Den rasebiologiske antisemittismen som kulminerte med nazismen i mellomkrigstida, fekk også innpass, særleg innafor dei protestantiske kyrkjene i Tyskland. Heller ikkje her hos oss var alle vaksinerte mot den gudlause ideologien.
Kjende teologar ved Menighetsfakultetet og Det teologiske fakultet, ja, jamvel i Den Norske Israelsmisjon, synte i 1930-åra forståing for Hitler og naziprosjektet. Heldigvis, får vi seie, var desse eit lite mindretal. Mange fleire har i nyare tid heve seg på «den antisionistiske vogna» – uviljen og fiendskapen mot det jødiske staten som vart etablert i 1948.
Det er freistande å seie at store delar av kristenfolket har «snudd kappa etter vinden», eller skal vi heller seie etter det politisk korrekte. Då spørsmålet om ein jødisk stat kom opp etter krigen, var det inga begeistring å spore blant kristenfolket.
Avisa Dagen var eit unntak. Vårt land, derimot, var meir skeptisk enn sekulære aviser som Arbeiderbladet, Dagbladet og Verdens Gang. Den israelske statsdanninga vart særleg godt motteken i arbeidarrørsla, der den gamle arbeidaragitatoren Martin Tranmæl og partisekretæren i Arbeidarpartiet, Haakon Lie, tidleg vart ihuga talsmenn for Israels sak.
Det same var tilfelle med det kulturliberale Dagbladet, der mange av landets fremste forfattarar med Jens Bjørneboe i spissen gav heilhjarta støtte til den nye jødiske staten.
Etter kvart følgde også kristenfolket etter. I ei bok i 1976 skreiv professor Magne Sæbø ved Menighetsfakultetet at det norske kristenfolket hadde ei tvers igjennom positiv haldning til Israel, på tvers av andre ulikskapar – om Israel var alle einige, om Israel stod alle saman.
Men dette varte ikkje lenge. I sekulære krinsar skjedde det i løpet av 1970-åra og endå meir i 1980-åra eit stemningsskifte i synet på den jødiske staten, fyrst i delar av media og dei politiske partia lengste ute til venstre, men snart også i Arbeidarpartiet og parti på borgarleg side. Den massive støtta til Israel i den allmenne opinionen forvitra i takt med dette.
Og kristenfolket? Dei følgde igjen etter – i starten litt forsiktig og forsinka i høve den allmenne utviklinga. Men snart med stadig fleire høgrøsta kritikarar av den staten dei i 1950- og 1960-åra ikkje hadde funne nokon feil ved.
I dag er det få som verkeleg vågar å forsvare Israels sak – utanom MIFF er det vel berre avisa Dagen, som sterkt og vedhaldande har stått på skansen for Israel heilt sidan statsdanninga i 1948. Blant dei som har fått merke stemningsskiftet, er Den Norske Israelsmisjon.
Særleg økonomisk har denne organisasjonen streva i motvind dei seinare år, blant anna på grunn av nedgang i kyrkjeofringar. Det er ikkje unaturleg å kople dette til det negative bildet som er skapt av staten Israel, trass i at Israelsmisjonen ikkje på nokon måte kan seiast å vere nokon pro-Israel organisasjonen, men prøver så langt råd er å balansere partane i Palestina-konflikten.
Men Israel fortener vel kritikk ut frå den harde politikken mot palestinarane, vil mange hevde. Ein kan vel ikkje godt lukke auga for at palestinarane ofte blir diskriminerte og at det til tider skjer openberre overgrep? – Nei, det er både sant og visst. Kritikk må Israel tåle, som alle andre statar.
Men det ein må etterlyse i mykje av israelskritikken, er den totale mangelen på balanse. Det gjeld ikkje minst brot på menneskerettane, som Israel stadig blir skulda for. Kva tid har KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp for alvor teke opp dei mange brot på menneskerettane som skjer i dei palestinske områda, det vere seg i det Hamas-kontrollerte Gaza eller den PLO-kontrollerte Vestbreidda?
Det er også grunn til å minne om at palestinarane som bur i staten Israel både har stemmerett, eigne parti og representantar i den israelske nasjonalforsamlinga Knesset, representantar som stadig kjem med beiske utfall mot staten dei er ein del av.
Motsett er det heller tronge kår for opposisjon og demokratiske spelereglar i Gaza og på Vestbreidda. Viktige element i eitkvart demokrati, det vere seg ei fri og uavhengig presse eller eit valsystem som fungerer, er i stor grad mangelvare.
På ein internasjonal demokrati-indeks i 2017 kom Israel som nummer 31 av 167 land – framfor mange europeiske land – mens dei palestinske områda berre låg som nummer 108 (rett nok godt framfor Egypt og dei fleste andre arabiske land). Kor ofte høyrer vi om slike forhold?
Når haldninga til Israel er blitt så negativ, har media spelt ei avgjerande rolle. Slik var det før og slik er det no. Palestina-konflikten blir lett malt i svart-kvitt og er til forveksling lik i fjernsyn, radio og dei store avisene.
Ein kjend samfunnsdebattant anbefalte derfor for nokre år sidan nærlesing av Dagen som ei motvekt. Vedkomande sa det slik: «Jeg er personlig uenig med det meste av det Dagen står for. Dette gjelder også linjen i forhold til Midtøsten.
Men de vanlige avisene er likevel preget av å være veldig lik hverandre og står for den samme korrekte, politiske vurdering (…) Ofte finner jeg stoff om kristendom og Israel i Dagen som jeg ikke finner andre steder.»
Han som sa dette, var no avdøde professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot. Og var det slik for den gode Aarebrot, kan kanskje flittig lesing av israelsstoffet i Dagen også vere med å nyansere bildet for KFUK-KFUM, Kirkens Nødhjelp og andre kritikarar av den vesle staten inst i Middelhavet…