Debatt
Kristenretten – treng me den?
1024 er eit viktig årstal i historia vår. Den såkalla kristenretten vart vedteken på Mostratinget i 1024. Det er såleis 1000-årsfeiring i år. Og den har vorte feira på verdig og storslått vis på Moster. Sjølv fekk eg den gleda å få vera til stades på tre arrangement der.
Det gjer at eg no sit att med gode minne, men og med kva verdiar kristendommen har hatt og har for samfunnet vårt.
Ei songstrofe frå «Dei vil alltid klaga og kyta» av Ivar Aasen er sterkt framme i meg: «Lat det merkast meir enn i ordi at me halda den arven i stand, at når fedrane ser att på jordi dei kan kjenna sitt folk og sitt land.»
I kristendommen er menneskeverdet, og frå 1024 vart det til dømes forbode å setja uønskte born ut i skogen. I dag har me ei lov som gjev mennesket rett til å fjerna uønskte foster. For meg gjev dette meg grunn til ein viss ettertanke. Eg minnest godt dåverande biskop Per Lønning sitt sterke engasjement mot denne lova som gav kvinna juridisk rett til å fjerna uønskte foster.
Me har ei Grunnlov som i §2 seier at «Verdigrunnlaget framleis skal vera den kristne og humanistiske arven vår». Så det er heilt i tråd med vår fremste lov kjempa for eit lovverk med kristen forankring. Og for oss som var på takkekonserten 2. juni var det ei sterk oppleving å oppleva kva verdiar Norge har i den kristne song/salmeskatten vår. Hanne Krogh batt det heile saman på ein verdig måte der fedrelandssalmen vår var grunntonen.
Eg – og eg er viss på at mange med meg – sit att med ei djup takk at me fekk ein kristenrett i 1024. Og det var ei sterk oppleving når eit fullsett (over 1.000) Moster Amfi på slutten av konserten song: «Du er den høyeste over hele jorden. Ditt navn er opphøyet over alle andre navn.»