Meninger
«EIN FRELSAR ER OSS FØDT I DAG»: Bratislava – Fødselsmosaikken i dåpskapellet til Saint Sebastian-katedralen.
Adobe Stock
Kristmesse og kvasiheidensk jul
I desemberdagane kjempar ulike julestemningar om overtaket. Eg meiner å ha registrert minst tre.
I 1927 skreiv Arnulf Øverland: «Et barn er født i Betlehem / og barn er der født i alle hjem / og mange av dem har funnet fred / på et rettersted.» Slik insinuerte han at Jesusbarnet ikkje medfører anna livsfornying enn det kvar og ein barnefødsel gjer. Heller ikkje Jesusbarnet sin offerlagnad er spesiell. Ikkje mange tenkjer så radikalt som Øverland.
Men ein kvasiheidensk juletradisjon er ganske dominerande. Ikkje heilt heidensk, for vår tid er trass alt etter-kristen. Og kristendom har i mange hundre år sett sitt preg både på tankegang og åtferd. Så både julemelodiar og julesymbol dukkar opp.