Debatt
ANTIKVARISK: Større, faglege verk om religion eller kristendom kan det vere interesse for, men så å seie aldri bøker med eit forkynnande innhald, aldri bøker med organisasjons- eller misjonshistorie, skriv Jon Peder Vestad. Her er gamle bokrygger på Nasjonalbiblioteket i Oslo.
Berit Roald / NTB
Kristne og eldre, kristelege bøker
I Dagen skreiv Johannes Kleppa nyleg innlegget «Kristen litteratur og antikvariat». Der kom han med ei påpeiking; kristne må interessere seg for eldre, kristeleg litteratur.
For Kleppa er det teologiske innhaldet viktig, og eg vil peike på kor viktig slike bokutgjevingar er for å forstå koss teologiske synspunkt har endra seg, for å lære om misjonshistorie, organisasjonshistorie og erfaringar folk i kristen teneste har gjort.
I tillegg kjem sjølvsagt lyrikk og romanar prega av eit kristent livssyn.