For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

PROTESTERER: I sin kamp mot kurdiske militsar går president Erdogan nærast i allianse med IS, skriv Johannes Morken. Her deltek kurdiske demonstrantar på ein protest mot Tyrkias militære aksjon i det nordaustlege Syria, i Stockholm 12. oktober 2019.

Kristne på flukt for Erdogans bomber

Når Tyrkias president Erdogan sender luftvåpenet sitt inn i Nord-Syria i kamp mot kurdiske grupper, vert kristne jaga på flukt og vil truleg aldri venda heim.

Publisert Sist oppdatert

Under dragkampen om svensk og finsk medlemskap i Nato, har generalsekretær Jens Stoltenberg erklært at «Tyrkia har legitime sikkerheitsbehov» på grunn av mange terrorangrep.

Ja, Tyrkia har vore utsett for terrorangrep frå kurdiske PKK. Både USA, Nato og EU stemplar PKK som ein terrororganisasjon.

På den andre sida skal det svært, svært lite til for å bli stempla som tilhengjar av terror og på den måten smaka den autoritære pisken til Erdogan-regimet. Fader Aho, munken som gjenopna det ortodokse klosteret Mor Yakub søraust i Tyrkia, vart i 2020 dømt til 25 månaders fengsel. Hans brotsverk var at han hadde gjeve mat til to svoltne menn som kom til klosteret – dei viste seg å vera frå PKK. Munken reknar det å gje mat til svoltne som eit kristent kall. Erdogan-regimet ser på det som «hjelp til terror».

Powered by Labrador CMS