Debatt
SA OPP: Anne Kalvig er tidlegare professor i religionsvitenskap ved Universitetet i Stavanger (UiS). Ho er sterkt kritisk til førestillinga om at kjønnsidentitet er ein essensiell storleik, uavhengig av kropp.
Richard Beharie
Kritisk tenking og inkludering
66 studentar og tilsette ved Universitetet i Stavanger har publisert eit opprop i Aftenbladet for eit «tryggare» og meir «inkluderande» universitet. Universitetsavisa Khrono har også publisert oppropet.
Rektor Klaus Mohn og direktør Karoline Holmboe Høibo ved UiS svarer i Aftenbladet at dei er glade for oppropet, og at dei har konkrete tiltak som svarer til krava frå oppropsskrivarane.
Oppropet viser til at Mohn har erklært debatten om kjønn som øydelagt av to ekstremistiske grupperingar, der eg representerer den eine. Dette var i eit direkte svar til meg og fyrsteamanuensis Kamilla Aslaksen, i Khrono i mars i år.