| Debatt
Kritiske prestar lever farleg
Mobbing, bøter, yrkesforbod og fengsel ventar russiske prestar som vågar å protestera mot Putins brutale krig i Ukraina.
ALLIANSE: Moskva-patriark Kirill har spelt ei svært viktig rolle i å legitimera krigen mot Ukraina, ein krig han har kalla «heilag».
Sergey Vlasov / AP / NTB
På eit prestemøte i Den russisk-ortodokse kyrkja valde patriark Kirill, den øvste leiaren, å latterleggjera ein prest som kritiserte alliansen mellom kyrkja og Kreml. Det viser ein lekka video som avisa Moscow Times har publisert.
Moskva-patriark Kirill har spelt ei svært viktig rolle i å legitimera krigen mot Ukraina, ein krig han har kalla «heilag». På eit prestemøte 12. februar sa ein prest rett ut til patriarken at han er usamd i «den patriotiske trenden i kyrkjelege relasjonar. Oppgåva for ein prest er å leia folk til himmelens kongedøme og ikkje engasjera seg i patriotisme».
Patriark Kirill svarte skarpt – ved å spørja om presten «tilfeldigvis er frå vestlege Ukraina». Kirill hausta latter og applaus då han spotta den kritiske presten. Så heldt han fram: «Gå og sett deg ned, og tenk seriøst gjennom det du nettopp har sagt».