Debatt
SERGEJ LAVROV: Tenk om du kunne bruka dine siste år til noko godt, skriv Odd Dubland. Foto: Maxim Shemetov / AP / NTB
Kunstnar og forkynnar: Ope brev til Russlands utanriksminister
Herr Lavrov.
Du kjem nok aldri til å lesa det eg skriv. Men eg lurer på kva du tenkjer på når du har lagt deg om kvelden. Får du sova godt?
Tenkjer du nokon gong på dei fleire tusen foreldre som er i angst og uvisse for sønene sine som du og den maktsjuke kamerat Vladimir har sendt ut i ein meiningslaus krig?