For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

KIRKEMØTET: Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og Hamar biskop Solveig Fiske på åpningsgudstjenesta under Kirkemøtet 2022.

Kva biskopar treng vi? Kva biskopar får vi?

Publisert Sist oppdatert

Hamar og Bjørgvin skal få nye biskopar. Biskop Halvor sitt ettermæle skal ikkje skrivast her, sjølv om han har returnert over langfjella før det vert min tur til å skriva i fokus neste gang. Men det er heva over all tvil at han har vore ein både markant og modig biskop. Eg vil seia: den fremste av dei som det siste ti-året har site i bispestolane i riket.

I det siste har vi også opplevd at han har gjort det utenkelege, nemleg å gå i clinch med ein av sine kollegaer (om oppsetjinga av transe-Jesus i kyrkja). Det har elles vore nærast tabu å kommentera kollegaer si teneste. Halvor har også «blanda seg» inn i debatten om nyomsetjing av enkelte ord i Bibelen. Det er svært kjærkome!

Og så må han ha ein ekstraordinær arbeidskapasitet. For berre å ta eitt døme: Korleis er det mogleg å lesa seg opp og førebu seg på dei mange samtalane på Litteraturhuset, der ei rad med kompetente «ekspertar» på sine respektive område har teke del? Løyndomen er vel at biskopen tek ting lett, noko som ikkje tyder at han tek lett på ting. Men eg trur at studiekamerat Eidsvåg sin song om at «det får komma det som komme» kan forklara biskop Halvor si haldning til utfordringar som kjem etter i morgon. Dei får venta til dei kjem.

Powered by Labrador CMS