Meninger
Kva biskopar treng vi? Kva biskopar får vi?
Hamar og Bjørgvin skal få nye biskopar. Biskop Halvor sitt ettermæle skal ikkje skrivast her, sjølv om han har returnert over langfjella før det vert min tur til å skriva i fokus neste gang. Men det er heva over all tvil at han har vore ein både markant og modig biskop. Eg vil seia: den fremste av dei som det siste ti-året har site i bispestolane i riket.
I det siste har vi også opplevd at han har gjort det utenkelege, nemleg å gå i clinch med ein av sine kollegaer (om oppsetjinga av transe-Jesus i kyrkja). Det har elles vore nærast tabu å kommentera kollegaer si teneste. Halvor har også «blanda seg» inn i debatten om nyomsetjing av enkelte ord i Bibelen. Det er svært kjærkome!
Og så må han ha ein ekstraordinær arbeidskapasitet. For berre å ta eitt døme: Korleis er det mogleg å lesa seg opp og førebu seg på dei mange samtalane på Litteraturhuset, der ei rad med kompetente «ekspertar» på sine respektive område har teke del? Løyndomen er vel at biskopen tek ting lett, noko som ikkje tyder at han tek lett på ting. Men eg trur at studiekamerat Eidsvåg sin song om at «det får komma det som komme» kan forklara biskop Halvor si haldning til utfordringar som kjem etter i morgon. Dei får venta til dei kjem.
Desse litt personlege orda leier over til eit spørsmål som blei drøfta i TVL (Vårt Land) før helga. Bakgrunnen var Open Folkekyrkje sitt ønske om å få «bredt anlagte» prosessar for val eller utnemning av biskopar. Ein måte å skyta ned alle slike forslag på er å spørja om vi ville hatt andre, eventuelt betre, biskopar, med ei anna ordning enn den som i dag endar med ei røysting i Kyrkjerådet. Det er legitime spørsmål.
Men for meg er resultatet viktigare enn kva prosess som har gått i forkant. Det vert ofte nemnt at det er ei viktig leiaroppgåve å vera biskop. Og det er det. Men det viktigaste er at biskopen er ein åndeleg leiar. Difor burde alle slike prosessar ta til med ei høgtlesing av vigslingsliturgien for nett denne tenesta. Biskopane er for det første ein herold for evangeliet om Jesu død for våre synder og oppstode til vår frelse. Dinest skal dei vera «hyrdingar for den Guds hjord som er hjå dykk.» Og gjennomgåande i formaning, lovnad og bøn er det at biskopen skal «ta vare på den apostoliske læra etter vedkjenninga i vår kyrkje», og «halda seg til det truverdige ord i samsvar med læra.»
Eg vil hevda at det som er blitt sjølve oljen i kyrkjemaskineriet, nemleg prosteskapet, har kome med ein kostnad: Desse «mellomleiarane» har eintydig blitt biskopens sersjantar, og står i kontinuerleg fare for å missa si sjølvstendige rolle i organisasjonen. Slik var det ikkje før, kan eg hevda – og bli kritisert for slike gamalmannsfakter. Men i minnet stig dei fram, dei originale leiarane, som like gjerne kunne lesa biskopen eit ord, som dei bar ord attende frå «sjefen». Så vart dei ikkje så lett nominerte til bispegjerninga, heller – som tilfellet er i dag! Nei. Til biskopar vart misjonsleiarar og generalsekretærar frå den kristelege lekmannsrørsla nominerte, og gjerne utnemnde.
Mangfaldsordet har også nådd bispedebatten. Det er nokre som trur at ein ny prosedyre vil sikra eit «mangfald» i bispekollegiet.
Den som lever, får sjå.