Debatt

FAMILIEVALD: Starten av 2024 har fått mange tenkjande menneske til å undrast. Veka etter veka har vi opplevd den eine familietragedien etter den andre, skriv Kåre Torbjørnsen.

Kva er det som skjer?

Publisert Sist oppdatert

Starten av 2024 har fått mange tenkjande menneske til å undrast. Veka etter veka har vi opplevd den eine familietragedien etter den andre. Unge og eldre menneske i nære relasjonar, ja, i familiar, tar livet av kvarandre. Mord og vald er ikkje noko nytt. Men aldri har vi opplevd dette på eit slikt nivå. Kva er det som skjer med det norske folket?

Eg er ikkje profet. Har aldri vore det, og trur aldri eg blir det. Sjølv om Paulus i Korinterbrevet seier at «de kan alle tala profetisk», og vi skal streva etter denne nådegåva.

Men ein Jesu-disippel har eg vore. Er det framleis, og vil vera det til eg forlèt dette livet. Heilt utan åndeleg høyrsel trur eg heller ikkje eg er. Jesus sa det ofte: «Den som har øyro, han høyre.» I Openberringsboka får alle dei sju kyrkjelydane denne avsluttande replikken frå Jesus: «Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane.»

Kva seier Gud til det norske folk som svar på spørsmålet: Kvifor desse uhyggelege familietragediane?

På nettet las eg nyleg noko som den kjente russiske forfattar og historikar Aleksandr Isajevitsj Solzjenitsyn har uttalt etter at han over lang tid leita etter svaret på kvifor det russiske folke måtte oppleve det ufattelege å miste 60 millionar av folket i den russiske revolusjonen. Her er det han seier:

«Eg har brukt mang ei natt i femti år på å jobbe med historia til vår revolusjon. I prosessen har eg lest hundrevis av bøker, samla hundrevis av personlege vitnesbyrd, og har allereie bidratt med åtte bind av mine egne arbeid med å rydde vekk ruinane etter omveltinga.

Men viss eg i dag blei bedt om å formulere så kortfatta som mogleg hovudårsak til den øydeleggjande revolusjonen som slukte rundt seksti millionar av vårt folk, kunne eg ikkje sei det meir nøyaktig enn å gjenta: Menneska har gløymt Gud. Det er derfor dette har skjedd.»

Er det fordi det norske folk har gløymt Gud at vi opplever starten på 2024 prega av mest eit inferno av familievald? Du får meine kva du vil. Eg tillèt meg i alle fall å stille spørsmålet.

Powered by Labrador CMS