Debatt
LØYSING: Eg trur at mykje av løysinga er at menneska lever ikkje berre av brød. Vi har behov av å finne ei meining med livet og få del i evige verdiar, skriv Hans Reite.
Adobe Stock
Kva er løysinga?
«Kvifor skulle vi i Europa få oppleve ein ny Hitler», var det ein eldre mann som nyleg sa på ein oppgitt måte. Kven skulle tru at vi skulle få oppleve ein ny krig i Europa som no har vart i over eit år. Kvifor skal unge soldatar og sivile slaktast ned i 2023?
Kvifor har alt vorte så dyrt at mange har fått problem med å få endane til å møtast, og kvifor får dei rike meir lønspålegg enn dei fattige? Eit anna spørsmål er: Kvifor skal sjukeheimar og andre institusjonar på landsbygda leggjast ned og alt verte bygd opp i dei store byane? Det er også trist at politikarane er meir opptatt av globalisme enn å tenkje på dei som har valt dei inn, og på dei som har vore med på å byggje opp landet.
Med den moderne teknologien og utviklinga skulle ein tru at framtida skulle sjå lysare ut, for det er mørke skyer i horisonten. Faren for ein ny verdskrig er større enn på mange år. Noreg har eit stort overskot på handelsbalansen, men problema har vel ikkje vore større på lange tider.