Leder
Kva får unge soldatar til å tru at det er greit å klå på jentene på kaserna?
Ei ung kvinne varslar om seksuell trakassering og valdtekt då ho gjorde teneste i hæren i Indre Troms. Så alvorleg er varslet at forsvarssjefen og hærsjefen stiller i Dagsrevyen i full uniform og bedyrer at det ikkje finst nokon ukultur i Forsvaret.
Ein avdelingsleiar ved ein skule i Bergen slår alarm om mobilinnhaldet til elevar på 8. trinn, altså 13-åringar. I ein e-post til dei føresette presenterer han ei liste over det han har observert dei siste vekene. Lista kan ta nattesøvnen frå fleire enn tenåringsforeldre.
Materialet omfattar blant anna video av menneske som har sex med dyr. Menneske som blir drepne på bestialsk vis. Deling av nakenbilete av medelevar. Deling av videoar med seksuelt innhald av medelevar. Grovt sjikanerande meldingar om og til andre elevar.
Har varslarsakene i Forsvaret og varskoropet om mobilinnhaldet til 13-åringane i Bergen noko med kvarandre å gjere? Ja, så absolutt.
Det handlar om kva haldningar vi let prege barna og ungdommane våre. Og kor lett tilgjengeleg pornoindustrien er så snart poden får ein smarttelefon i neven.
For det er naivt å tru at ungdommar som veks opp med porno, ikkje skal ta haldningane med inn i militærtenesta. Dei fleste vil nok vite å oppføre seg, men som vi forstår frå varslingssakene NRK har avdekka: Slett ikkje alle.
«Det verkar som om barna er blitt immune mot pornografi og vald», seier avdelingsleiaren til Bergens Tidende.
Han meiner at når barna er samla, blir mobiltelefonane eit våpen. Difor vil han at skulen skal vere mobilfri. Og difor ber han dei vaksne om å ta grep og få kontroll over barnas mobilbruk, for elevane sjølve er for unge til å forstå kva dei held på med.
Å ta kontroll over barnas mobilbruk, er ein god stad å starte. Å forklare kor nedbrytande pornoen er. Å bygge gode haldningar frå barna er ganske små. Å lære dei empati og heilt alminneleg folkeskikk. Å snakke om grensesetjing og respekt for medmenneske.
Å ta kontroll over pornoindustrien blir verre. Men det kan byggast skrankar. Sjå berre til Frankrike som vil innføre pornolov for unge. Der vil ein blokkere unge under 18 år frå å sjå porno på nett. Norske politikarar burde ile etter og gjere det same.
«Det er ikkje trygt for unge kvinner å gå inn i førstegangstenesta. Det er inga sjølvfølge at ein blir ivareteken. Eg kjende meg ikkje trygg og er ikkje åleine om det», seier Silje Falmår til NRK.
Ho fortel at ho opplevde mobbing, trakassering, uønska seksuell oppmerksomheit og overgrep. Falmår fortel også at ho sa ifrå til sjefane sine i Hæren ei rekkje gonger, men meiner at Forsvaret ikkje tok tak i det som skjedde.
Det har vore fleire varslingssaker i Forsvaret dei siste åra. Sjølv om forsvarssjefen insisterer på at dei ikkje har nokon ukultur, har dei framleis problem med å møte varsel om trakassering og overgrep på ein tillitvekkjande måte. Dette er krise i ein organisasjon som eksisterer nettopp for å skape tryggleik og som burde ha maks fokus på dette i alle ledd.
Før vart det sagt at Forsvaret er staden der gutar blir menn. Dette burde vere eit mål også etter at det vart innført kvinneleg verneplikt. Det krevst i så fall at det blir jobba endå meir systematisk med haldningar. For ekte mannfolk tafsar ikkje på damene. Dei kjem ikkje med slibrige kommentarar. Og dei drikk ikkje så mykje at kaserna blir ein utrygg plass for jentene, slik Silje Falmår fortel om.
Men rota til problemet er ikkje i Forsvaret. Dette er ikkje den einaste arenaen der jenter opplever trakassering og overgrep. Det skjer på arbeidsplassar, slik kvinnelege fiskarar har fortalt om til NRK. Det skjer i alle delene av samfunnet som fekk ein vekkar under #metoo, men som ikkje er ferdige med ryddearbeidet. Det skjer i skulegarden, slik tre 14 år gamle jenter som var lei av å bli kalla «billeg» og «hore» skreiv om i Aftenposten.
Haldningane blir forma lenge før unge menn med mot i brystet og stål i bein og armar blir innkalla til sesjon. Dei blir prega av ei sekularisert tid, der det blir snakka mindre om rett og gale. Og der pornoindustrien er ein mektig premissleverandør i populærkulturen med sitt nedbrytande kvinnesyn og si brutaliserande, grenselause, forvrengde framstilling av seksualitet.
Før måtte pornoen kjøpast i papirformat på Narvesen. Det var gale nok. No finst den på mobiltelefonane til barna. Kor øydeleggande dette blir for komande generasjonar, anar vi framleis berre konturane av.