Kristendom
Kva gir deg følelsen av å leva?
Dette er eit spørsmål eg nyleg kom over i samband med forsamlingsutvikling. Eg har stilt det i stabsmøte, til venner og til leiarar i ei forsamling. Det kan stillast som eit generelt spørsmål, men også meir spesifikt: «Viss du kunne gjera kva som helst i forsamlinga, kva ville gi deg mest følelsen av å leva?» Her handlar det om teneste.
Undersøkingar viser at om du lever i samsvar med dine nådegåver, blir du ein lukkelegare person, du får meir fruktbar teneste og andre menneske vil i større grad erfara Guds kjærleik og kraft gjennom deg.
Organisasjonar og forsamlingar har etter korona, erfaringar med at det er vanskeleg å få folk til å forplikta seg, og få menneske inn i teneste. Dette er trist, og med dette går me også glipp av noko sjølv.
Eg veit kva som gir meg følelsen av å leva – generelt i livet – men også i forsamlingssamanheng. Det å få tena i samsvar med mine gåver, og få bety noko for andre, gir meg verkeleg følelsen av å leva. Det er faktisk ei gåve til deg sjølv og andre å leva ut kallet og gåvene Gud har gitt deg. Tar eg imot denne gåva?
Paretoprinsippet har sitt namn etter Wilfredo Pareto, som levde på slutten av 1800-talet. Han omtala korleis 20 prosent av befolkninga eigde 80 prosent av jordeigedomane. Det same prinsippet vert nytta i fleire samanhengar, også i forsamlingslivet. I mange tilfelle er det slik at 20 prosent av medlemmene er aktive i forsamlinga, medan 80 prosent er passive. Dette er sjølvsagt verken bra eller ønskeleg.
Samtidig er det eit spørsmål korleis me kan få fleire inn i teneste. Kva er nøkkelen, og korleis vert dette formidla? I ein hektisk kvardag prioriterer me kva me nyttar tida på. Så er det også slik at me vil nytta tida inn i noko som er viktig for oss, der me kjenner at me vert verdsett for innsatsen, og gjerne får arbeida i eit godt team.
Det er mykje me kan gjera for å leggja til rette for frivillig arbeid.
Jesus sjølv er det store førebiletet for frivillig arbeid, han som ikkje kom til jorda for å la seg tena, men for sjølv å tena. Det var han som starta ein bevegelse me skal få vera med på. Me er med på noko større enn oss sjølv.
«Det du er, er Guds gåve til deg. Det du gjer med deg sjølv, er di gåve til Gud», heiter det i eit ordtak. Me har alle fått gåver og tenesteområde, uansett alder, kor du bur og kor du er i livet. Til og med smerta vår kan brukast i teneste for Gud.
Så kan gåvene alltid utviklast, og bli større ved bruk. Og dei kan altså gi oss større følelse av å leva.