| Debatt
Kva gjorde Peter i Getsemane?
PÅSKEKRIM: Forteljinga om Simon Peter og øvstepresten sin tenar i Getsemane, er i seg sjølv ein liten påskekrim i det store påskemysteriet, skriv Ingvald Straume.
Illustrasjon: Adobe Stock
Forteljinga om Simon Peter og øvstepresten sin tenar i Getsemane, er i seg sjølv ein liten påskekrim i det store påskemysteriet. Vi les: «Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter slaven til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret» (Joh 18,10). Hendinga er skildra i alle dei fire evangelia.
Men det er noko påfallande med kva for opplysningar som er med og som er utelatne.
Opplysninga om at Jesus lækte øyret til Malkus like etter, finn vi berre hos Lukas (22,51). Ingen andre enn Johannes nemner Simon Peter. Synoptikarane omtalar han ikkje eingong som læresvein, men som «ein av dei» som var der. Berre Johannes fortel at øvstepresten sin tenar heitte Malkus.