Debatt
Kva skal vi med den åttande dagen, Halldorf?
«Den åttende dagen» heiter Peter Halldorf si nyaste bok. Med dette lesarinnlegget utfordrar eg Halldorf til ein dialog om dette konseptet.
Eg sat att med mange spørsmål etter at eg sist veke fekk gleda av å høyre Halldorf fortelle fra boka si. Eg har stor vørdnad for Halldorf sitt liv og virke. Han inspirerer til teologiske eventyr. Han ser ut til å tru at det enno er uppdaga gull i Havila, og derfor grev han vidare og skriv som aldri før! Eg òg grev etter gull i skriftene! Eg òg trur på Matteus 11, 25, og derfor skriv eg òg!
Kvifor ein 8. dag?
«Den åttende dagen er dagen på den andre siden av død og oppstandelse, den er når tiden tar av sin slitne kappe og går til evigheten» hevdar Halldorf i intervjuet i Vårt Land den 18. mars. Han er tydeleg på at konseptet ikkje er omtalt i Bibelen, men at det er eit omgrep som truleg stammar frå mellomtestamentlege skrifter som Enoks bok.
Mitt spørsmål til Halldorf er dette: Manglar Bibelen eit språk for dette?
Eg meiner at det er rom for alt det Halldorf legg i den åttande dagen innafor rammen av dei sju dagane i 1. Mosebok 1 og 2.
Skapinga er framtidig
Eg ser ikkje på dei sju dagane i «skapinga» som ei historisk skildring av ei fjern fortid, men som ei profetisk skildring av all tid.
Når Gud taler er orda hans evige. Gud sine ord er aldri begrensa til ei tid, men gjeld alltid både fortid, notid og framtid. La meg få forklare kva eg ser i dei sju dagane:
Tre dagar…
Dag ein til tre er tida fram til Jesu komme. På dag ein kjem Guds frelse som ein soloppgang til djupet som er dekt av mørker.
På dag to skiller han læresveinane frå farisearane.
På dag tre samlar han læresveinane på ein stad, i seg sjølv, og gjer dei til søner, slik han sjølv er son av Gud. Den tredje dagen er dagen då Gud to gonger seier «det er godt»! Dette er dagen for både død og oppstode, forsoning og fyrstegrøda, forsamlinga som vart til på pinsedagen.
… og tre dagar til
Dag fire til seks er tida «etter Kristus», tida då Guds frelse ikkje lenger er begrensa i ein Son, men i staden myldrer i mange søner og døtre! Dette er som ein totrinns rakett! Først må Gud gjere eit menneske til sin son. Så må den sonen ofre seg og verte bustad for ei global familie av søner og døtre!
Dag seks kulminerer med at Gud får eit folk i staden for ein son! Gud velsignar desse som er hans bilete og gir dei misjonsbefalinga: Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råde over fiskane i havet…(1. Mos. 1, 28)
Ordet «fiskane i havet» bør få det til å ringe ei bjelle hos dei av oss som har lest at Jesus kalte læresveinane sine til å vere «menneskefiskarar»!
Dette er Moses sin framtidsvisjon som akkurat no faldar seg ut i verda! Akkurat som elva frå Eden, renn dette folket ut i alle himmelretningar heilt til det har «vatna heile jordoverflata» (1. Mos. 2, 6). Sabbatskvilen må vente til oppdraget er utført, og det er folket som har ete Sonen, dei som har Sonen i seg og som er hans kropp, som skal utføre oppdraget.
Den sjuande dagen
I Bibelen representerer talet sju det fullkomne, den perfekte verda, og æva! Om sju er biletet på det fullkomne, kva skal vi då med ein åttande dag? Den sjuande dagen er dagen då arbeidet er ferdig! Dagen då alt det Gud ville ha gjort er fullbrakt!
Guds barn har i lydnad mot sin Far gjort heile jorda til ein Edens hage og Faderen rår no ved si ætt over alle folkeslag. Dette er dagen då Guds framtidsvisjon for jorda er realisert.
Gud bur som Far mellom menneska på jorda og held måltid saman med dei, for alle sønene hans er komne heim og alle dei bortkomne lamma er berga. Menneska og skaparverket kan for alltid kvile trygt i Faderens famn.
Kom for alt er ferdig
Moses har gitt oss eit språk og ei ramme for all tid! På tre dagar forma Gud ein Son og frelsar, og på dei tre neste bygger Gud ei kvinne av Sonens kropp. Kvinna Gud bygger er «ecclesia», alle dei som trur, alle dei som både er innsamla frå, og utsende til, heile menneskeheita! Kvinna er «ein kropp» med Sonen, ein kropp som i byrjinga er liten som eit sennepsfrø, men som etter kvart fyller heile jorda og som alle folkeslag kjem til å søke ly under.
Sabbaten er i mine auge den dagen Halldorf skildrar, og både sabbaten og messa er ei profetisk feiring i notid av den framtidige og fullkomne oppfyllinga av Guds visjon.
Festen rommar skapinga, forsoninga og fullbyrdinga! Festen byrjar når den eine sonen har komt heim, men det er først når begge sønene er komne inn at festen kan byrje for fullt.
Det er først når heile menneskeheita er blitt eitt i Sonen og dermed foreina med Faderen at den sjuande dagen kan byrje! Det er den dagen som er bortanfor død og oppstode!