Debatt
GAZA: Kva vil skje vidare på Gaza no? Eg trur at Israel vil knuse Hamas slik at dei aldri vil kunne reise seg meir, skriv Hans Reite.
Hassan Eslaiah / AP / NTB
Kva vil skje vidare på Gaza no?
Det var frykteleg å sjå bileta og høyre om terrorangrepet frå Hamas på Israel laurdag 7. oktober. Jødane var i ferd med å avslutte Lauvhyttefesten som er ei av dei viktigaste høgtidene i Israel. Korleis kunne dette skje? Dei vart «tatt på senga», slik dei vart det under feiringa av Yum Kippur, den mest heilage dagen, i 1973 for femti år sidan.
Då såg det ut som om Israel skulle tape krigen, men mot alle odds vann dei. Kva er årsaka? Det står i Davids salme 121: «Han søv ikkje og slumrar ikkje han som vaktar Israel.»
Hamaskrigarane viste ingen nåde, men gjekk frå hus til hus og massakrerte barn, vaksne, eldre og vanføre. Dei viste ingen nåde. På ein ungdomsfestival vart over 250 skotne og drepne. Nokre unge brann inne i bilane sine. Kvar kjem dette hatet frå? Eg trur at det har ei andeleg betydning.