Kommentar
HELSEMINISTER: Torsdag mottok Ingvild Kjerkol berømma ho abortutvalet for at medlemmane var så samstemte. Det er neppe eit pluss for ein perspektivrik debatt om dei ufødde.
Håkon Mosvold Larsen
Kva vil vi eigentleg vita om abort?
Ønsket om meir informasjon og kunnskap er langt på veg ein tom floskel i den nye abortdebatten.
Torsdag føremiddag la det såkalla abortutvalet, med Kari Sønderland i spissen, fram si innstilling til endringar i abortlova.
Skrinlegging av nemndsystemet og ei utviding av tilgangen til abort frå 12 til 18 veker er hovudelementa i forslaget som Stortinget skal ta stilling til. Dette er altså det ein meiner vil gje kvinner, og oss alle det som vert kalla «ei abortlov for vår tid».
Kva kan vi lesa ut av desse forslaga? Vår tid vektlegg personleg valfridom og meir generelt, personleg fridom. Å leggja bort tanken om nemnd, skal truleg imøtekomma det sistnemnde. Ideen om å utvida fristen for å velja abort med seks veker, ser ut til å imøtekomma krav om meir valfridom for kvinner som står i det som gjerne vert kalla ein vanskeleg valsituasjon.