Meninger
KYRKJA: Forskarane seier at når kyrkje- og misjonsfolket må bere også det økonomiske ansvaret sjølve, er veksten størst. Men når staten underheld kyrkjene økonomisk og politisk, kan han også stille politiske vilkår, skriv Ottar Mikael Myrseth.
Ned Alley/NTB
Kva ville Den norske kyrkja vore om ho fall ut av statsbudsjettet?
Den nye regjeringa legg om kyrkjepolitikken. Krava for å vere kvalifisert for sokalla «statsstøtte» vert strengar. Kjønnsbalanse, medlemstal, likestilling, ikkje-diskriminering i tilgang til verv og stillingar med meir har komme i fokus. Og retten til skattefrådrag for milde gåver vert halvert.
I vårt land har staten hatt tradisjon for å leggje til rette for trussamfunn. Den norske kyrkja sin posisjon som folkekyrkje er sikra gjennom grunnlova. Og «alle tros- og livssynssamfunn skal understøttes på lik linje», heiter det vidare.
Religiøse organisasjonar og institusjonar har vore privilegerte også med vigselrett, støtte til drift av religiøse skular, kyrkjeleg administrasjon av gravplassar med meir.