Meninger

BIBELEN: Bibelen fortel oss at kvar kristen er innsett som ambassadør, skriv Jan Helge Aarseth.

Kvar kristen er innsett som ambassadør

Publisert Sist oppdatert

Det er romjulstid, med sitt gode pusterom der timeglaset renn stille ut mot eit nytt år. Nokre nyttar desse dagane til etterlengta tid saman med familie og venner. Andre pakkar kofferten og reiser til varmare strok utan snev av hålkeføre og snømoking.

Juleferie i framand land. For dei fleste går det greitt, men nokre gongar flokar det seg til undervegs. Noko av det mest trøyttande er nok å miste passet. Som regel nappa med av uærlege hender frå eit hotellrom, eller umerkeleg lurt unna frå ei halvopen veske på eit trengselfullt torg. Då er gode råd skikkeleg dyre.

I ein slik oppkava situasjon vil dei aller fleste prøve å få kontakt med ein norsk ambassade. Eit kontor som har det norske riksvåpenet på veggen, der du kan få nye papir som kan fortelje alle at du er den du er.

Ein ambassade. Dette enkle kontoret representerer Noreg i utlandet. Det er den norske staten si eiga stemme og forlenga arm. Ambassaden har som hovudoppgåve å ta vare på norske innbyggjarar og interesser. Dei som er knytt til dette kontoret har inga makt eller rett til å bestemma noko utover det som vår eiga regjering meiner og seier.

Ei stemme og forlenga arm!

Ordet som i den norske bibelen vert omsett med «sendebod», er i nokre engelske biblar omsett med ordet «ambassador».

Bibelen fortel oss då at kvar kristen er innsett som ambassadør, ikkje for ein jordisk nasjon eller makt, men for ein som står over dei alle. «Christ´s ambassadors» – «Sendebod i staden for Kristus».

Denne tenesta har berre eitt mål. Å be alle menneske om å «la dykk forlike med Gud». Me er alle sette til å vere utsendingar og representantar for Han som vil at alle menneske skal «verte frelste og koma til å kjenna sanninga». Kristentrua er på denne måten ikkje ein teori og innøvd kunnskap lik eit mattestykke eller ei historielekse. Det handlar om levd liv.

Jesus er lyset for verda, og kvar den som lever i trua på han vert då ein ambassadør for Kristus. Vi representerer han så heilt at han seier; «– de er ljoset i verda.» Dette ljoset er knytt til livet me lever, orda me seier, og til dei gjerningane som me gjer i Han. Hans stemme og forlenga arm.

«Slik skal de la lyset dykkar skina for menneska, så dei kan sjå dei gode gjerningane de gjer, og lova Far dykkar i himmelen.» Velgjerningar, ekte omsorg og varme ord om Jesu kjærleik er både mangelvare og kraftig kost sjølv i vår tid.

Så er då dette eit ord til kvar kristen – ung og gammal, kvinne og mann, lek og lærd, som gjev oss grunn til å sjå fram mot det nye året med forventing og glede. Der du nå lever og går er nett du sett til å stå i Kristi stad, og til å vere Kristi ambassadør, arm og stemme.

Sei så inderleg, varmt og frimodig som du berre kan; – Kom, og bli venner med Gud! Tru ordet om Guds nåde, og ta imot handa som er rekt ut frå den krossfeste og oppstadne til nytt liv for kvart menneske, også deg.

Slik talar ein Kristi ambassadør!

Powered by Labrador CMS