Meninger
Kven bestemmer korleis det gode livet ser ut?
Jesus starta si teneste med å forkynna evangeliet om Guds rike. Den gode bodskapen innebar at Gud, den suverene Skaparen og Kongen over skaparverket, hadde gripe inn i historia for å frelsa og fria folk frå synd, skam, død og fortaping.
Evangeliet om Guds rike var det sentrale i Jesu liv og teneste. Difor kalla han til omvending og etterfølging. Den som ville vera hans læresvein måtte seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja han. Guds kongedømme er der Gud styrer og hans vilje rår. Frelse kan vi berre få del i ved å bøya oss under Jesu Kristi herredømme.
I tråd med forståinga av Guds rike, seier Jesus i misjonsbefalinga at vi skal læra dei nye læresveinane å halda alt det han har bode oss. Nye kristne må lærast å be: «Lat riket ditt koma, lat viljen din råda i mitt liv; ikkje som eg vil, berre som du vil!»
Jesus lærte oss at han ikkje kom for å oppheva lova eller profetane, men for å oppfylla dei. Difor tok han oss tilbake til Guds opphavelege meining med skaparverket og dei gode lovene hans. Han sa at det ikkje var nok å avstå frå visse handlingar, men at vi også måtte ta eit radikalt oppgjer med lystene i hjartet vårt.
Læresveinane tok dette på alvor då dei med stort frimot forkynte at Jesus Kristus er Herre. Dei sa at det er hans bod folk skal følgja og ikkje boda til keisaren. Dei vart skulda for gjera tvert imot påboda til keisaren, og seia at ein annan, ein som heitte Jesus, var konge. Difor sette dei heile verda i opprør. Dei snudde verda opp ned og skapte endringar i folk sine liv og etter kvart i heile samfunnet.
Ved å venda om og tru evangeliet, bøyer vi oss for Guds dom og tek imot nåde og tilgjeving.
Skal vi ta misjonsoppdraget på alvor, må vi setja folk på val og læra dei nye kristne å vera lydige mot Guds ord og vilje; for det er Jesus som er Konge – det er han som bestemmer korleis det gode livet ser ut.
Det er mange som kjempar om å sitja på trona i våre dagar for å bestemma kva som er rett og godt. Stortinget gjer krav på å kunna definera både kva kjønn og eit ekteskap er, i strid med Bibelen og tusenårige tradisjonar. Statskyrkja og biskopane har følgt etter og vorte politisk korrekte i dette og fleire andre spørsmål.
Pride-ideologien og LHBT-rørsla gjer krav på å definera kva som er normalt og godt. Dei som ikkje bøyer seg for deira forståing, diskriminerer og er hatefulle, etter deira dom. Teologar lagar mange krumspring for å forsvara at folk praktiserer synd. Med sine etiske profilar godkjenner dei homofil og lesbisk praksis, som om det å vera trufast i ei syndig handling forvandlar synda til noko etisk høgverdig.
Vi feirar snart jul og det store mysterium, at Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Han kom i same slags kjøt og blod som syndige menneske har, og heldt dom over synda i oss. Han var full av nåde og sanning då han kalla folk til omvending og tru. Jula er ei feiring av at Guds rike har komme nær. Ved å venda om og tru evangeliet, bøyer vi oss for Guds dom og tek imot nåde og tilgjeving.
Han som kom som eit lite barn, er faktisk Herre, og har all makt i himmel og på jord. Lat oss bøya oss og tilbe han i tru og lydnad!