Debatt
Kven har retten til det Palestina britane forlèt i 1948?
Det er truleg mange som har den meininga at Palestina, før staten Israel vart skipa den 14. mai 1948, var eit folkerikt, velfungerande land styrt av palestinarar. Så kom jødane og stal landet deira, dreiv bort folk som då vart plasserte i flyktningleirar og vert haldne der til denne dag – for skuld Israel.
Dette stemmer ikkje. Me har vitnemål frå nokre som reiste i området i siste halvdelen av 1800-talet, og dei skreiv om eit audt og vanstyrt land med spreidd busetnad, nedsøkkt i fattigdom for skuld høge skattar frå styremaktene og avgifter frå landeigarane.
Særleg interessant er det å lesa kva ein som var med i eit engelsk reiseselskap i 1868 skreiv og ein norsk prest, Wilhelm Frimann Koren, som reid omkring i landet i 1881. Begge skreiv om mennesketomme område, fruktbar jord som låg ustelt og udyrka og dårlege ridevegar. Alt vitna om forfall. Men Koren trudde på at dette landet «endnu alltid er Løftenes Land».
Det har alltid vore jødiske samfunn i Palestina endå om jødane i mange hundre år vart hindra i å venda tilbake i stort tal av dei ulike makthavarane. Jødane gav likevel aldri opp vona om ein gong å venda tilbake som folk og ta landet sitt i eige att. «Neste år i Jerusalem», var eit påskeynskje. Frå 1881 auka jødisk innvandring, og dei jødiske samfunna som dyrka opp og bygde ut landet, drog til seg arabisk arbeidskraft frå andre område av Palestina; så i staden for at jødane dreiv vekk arabarane, skapta dei arbeidsplassar så arabarane fekk det betre enn dei hadde det før.
I oppgjeret etter 1. verdskrigen vart Palestina gjort til eit mandat under England. Balfourerklæringa, som sa at den britiske regjeringa såg med velvilje på etablering av ein nasjonal heim for jødar i Palestina, vart teken inn i teksten for mandatet. Sultanen overførte retten over tapte landområde til dei allierte maktene som vann krigen.
Britane skapte mange arbeidsplassar, og dei tok med seg titusenvis av arabarar frå Egypt. Tre fjerdedelar av det opphavlege Palestina (alt land aust for Jordan) vart skild frå i 1922 og gjeve til ein arabisk emir. Der skulle ingen jøde få bu. Det kom og mange arabiske immigrantar frå Saudi-Arabia og Transjordan/Syria til det som var att av Palestina (ein fjerdedel). Saman med jødisk innvandring førte det til sterk folkeauke.
(...) i staden for at jødane dreiv vekk arabarane, skapta dei arbeidsplassar så arabarane fekk det betre enn dei hadde det før.
Mandatmakta førte streng kontroll med jødisk innvandring med tilvising til absorpsjonsevna til landet. Etter teksten som følgde mandatet skulle dei hjelpa til med tett busetjing av jødar. Arabisk innvandring vart dårleg kontrollert.
Winston Churchill, som var koloniminister omkr. 1920, sa i 1939: «Langt fra å være forfulgt, har araberne strømmet inn i landet og formert seg slik at deres befolkningsmasse har økt mer enn alle jøder i verden ville kunne øke den jødiske befolkning tilsvarende» (Joan Peters: Fra uminnelige tider). Det vart difor verande eit mishøve mellom talet på jødar og arabar, og det gav seg særleg tragiske utslag fram mot 2. verdskrigen då innvandringa av jødar vart svært strengt regulert, og arabarane fekk veto om kor mange fleire jødar som skulle få koma inn.
Det er tankevekkjande at definisjonen på ein palestinsk flyktning i 1949 var ein som hadde budd i Palestina før 1946, altså berre to år før staten Israel vart skipa. Her i landet ville me ha kalla folk med så kort fartstid for innvandrarar eller framandarbeidarar.
På meg verkar heile denne utviklinga av folkesetnaden i Palestina, samanhalde med Balfourdeklarasjonen si implementering i mandatet for Palestina, ratifisert av Folkesambandet som representerte verdssamfunnet, i 1922 som ei klår stadfesting av at det er jødane som har rett til heile det området som britane forlèt den 15. mai 1948, dvs. alt land vest for Jordan.
Det var på dette landområdet jødane skipa staten Israel dagen før. Dei viste til delingsvedtaket i hovudforsamlinga i FN frå 29. nov. 1947 som eit teikn på at verdssamfunnet såg positivt på skipinga av ein jødisk stat.
Dei arabarane som godtok det, fekk leva i Israel og har etter kvart fått fulle borgarrettar – dei som ynskte det. Dei andre var det god plass til i Transjordan, eller dei kunne reisa heim att til dei landa dei kom frå eitt eller to tiår tidlegare.
Israel har folkeretten på si side. Ikkje noko vedtak i FN sine organ har forandra på det, slett ikkje delingsvedtaket om tostatsløysing frå 1947. Det var ei ikkje-bindande tilråding.
Arabarane har avvist alle tilbod om eigen stat ved sida av Israel frå Peelkommisjonen sitt i 1937 til Ehud Olmert sitt i 2008.