ISLAM: Migrantar som deler vårt syn på menneske og samfunn, eller grupper og nasjonalitetar som me i det meste deler tru, tankeliv, arbeidsmoral, kulturelle ideal, høgtider og historiske referansar med, kan vera berikande for oss alle, anten det er tale om kristne, jødar, buddhistar, sikhar, eller andre med respekt for nedfelte spelereglar og levemåte. Men med islam er det annleis, skriv Hallgrim Berg.
Gorm Kallestad, NTB scanpix
Kven vil vinne fram i Europa – islam eller kristendomen?
Islam treng langt frå fleirtal åleine for å vinne politisk makt. Lenin greidde seg med eit par prosent, for han visste kva han ville.
Utdrag av foredrag i Sarons Dal 19. juli 2018.
Takk til Troens Bevis, som ikkje er redd for å ta opp til drøfting eit tema som mange karrieremenneske helst vil feie under teppet. Lat oss vera ærlege: Vår kristne kultur i Europa er truga, både utanfrå og innanfrå. Det som står på spel er kampen om demokratiet, kulturarven og vår frie levemåte. Det er ikkje ein vanleg kappestrid, lik ei idrettstevling eller ein handelskrig som går føre seg; det er ein altomfattande kamp om idear, verdiar og tru. Med andre ord: ein åndskamp!
Europa er under ei form av «invasjon», ikkje med taktfast hærmakt, men med ein politikk som sakte og sikkert fører til erobring av oss «vantrue» – om ikkje materielt i første omgang, så kulturelt, religiøst, åndeleg.