| Debatt
Kvifor hamnar forfølging av religiøse minoritetar i ei blindsone?
XI: Kinas president Xi Jinping avbildet under G20-møtet i Brasil i november.
Foto: Silvia Izquierdo, AP/NTB
I vår kultur, der mange opptrer som om Gud er død, blir dei som blir forfølgde for trua på Han, gløymde.
Ein kommentator i Dagens Næringsliv, som i haust skreiv at for det norske folkeferd er det eigentleg umogleg å forsvara monarkiet, la til: «Det var noe annet da Gud fortsatt levde, og kunne bidra med sin nåde.»
Dette var ikkje eit innlegg om Guds eksistens, men om monarkiets. Eg skal verken ta opp tråden om framtida for monarkiet eller argumentera for kopling av makt og religion. Men meldinga om Guds og hans nådes død er sterkt forhasta.