Debatt

Kvifor skal me ofra?

Publisert Sist oppdatert

15/9 kommenterte Bjarte Leine påstanden min 2/9 om at evangeliet slik det er forstått i evangelisk kristendom, eigentleg er lovlaust.

Han er heldigvis samd i at Guds bod skal føljast og at Gud samtidig ber over med oss «støv», men bommar i det han skriv om offer og vår potensielle evne til å halda Guds bod.

For i Matt 11:30 sa Jesus at «mitt åk er gagnleg og mi bør er lett». Og Gud vår Far vil sjølvsagt vera ein dårleg Far viss han legg bører på oss som me ikkje kan bera. For si eiga ære skuld må det difor vera viktig for han å vera rimeleg mot oss. Og vår allmektige Far vil sjølvsagt gje oss alt me treng for å makta oppdraget han har skapt oss til (1. Mos 1:26 ff), jf Sal 23:1: «Herren er min hyrding, eg manglar ingen ting».

Også Rom 8:2-4 slår fast at me kan halda Guds lov – i lys av at Guds son med sitt syndoffer fordømde synda i kjøtet. Logikken er at fordi Sonen makta dette trass i at han kom i syndig kjøts likning, kan me alle ved lova åt Livsens Ande bli fri frå lova åt synda og døden, slik Paulus vitna at han sjølv hadde vorte.

Men Egil Sjaastad tok Rom 8:3 ut av sin samanheng og hevda at Guds lov er for vanskeleg for oss, teiande om vers 4 som motseier den påstanden.

Kjernen i offerteologien må difor vera at fordi Jesus med sitt offer sigra over syndelysta i sin eigen kropp, kan også me sigra over syndelystene i våre kroppar. Og i Jesu kall til å gløyma seg sjølv og ta krossen sin opp og følja han (Mark 8:34-38) ser eg nettopp kallet til å forsaka våre eigne ureine lyster.

Meininga med ofringane er difor djupast sett å forsaka oss sjølve og ta vår tilflukt til Gud vår Far, i tråd med Sal 51:18–21 om at offer for Gud er ei sundbroten ånd; eit sundbrote og knust hjarta – meir enn slaktoffer og brennoffer. Difor er det feil å leggja vekta på ofringane av dyr eller mat, slik Leine gjer.

For når Gud sonar synd, brukar han ein person – ikkje ein formel, slik 1. Joh 2:2 om at Jesus er ei soning for syndene våre, lærer. Men i dette verset ser Leine ein død Jesus – ikkje den levande Jesus som sona med sitt liv; med sine forsakingar, ord og gode gjerningar. Jf Ordt 16:6a: «Ved kjærleik og truskap vert misgjerning sona».

Bjarte Leine og evangelisk teologi hevdar elles at Jesu ofra for å gjera Moselova sine offerforskrifter overflødige. Men slik avlyser dei lova og profetane, noko Jesus i Matt 5:17 streka under at han ikkje skulle – i tråd med Luk 10:25 ff som Leine heldigvis ikkje vil setja til side, og med Sal 119:4. Og vår Herre Jesus kan sjølvsagt ikkje nedgraderast til eit offerdyr som er til for oss men ikkje for seg sjølv.

Leine brukar òg rivninga av forhenget i templet som eit prov på læra si, basert på Hebr 10:20 om at forhenget symboliserer Jesu kjøt, og at Jesus slik opna vegen til Guds heilagdom for alle og ikkje kun for Arons ætt slik 4. Mos 18:7 føreskriv. Men Hebrearbrevet kan ikkje overprøva Skrifta (= vårt GT), sjølv om kristen tradisjon lærer det motsette.

Og han oppsummerer lova sin funksjon på ein slik måte at dei fleste vil oppfatta han slik at Guds lov er for vanskeleg for oss, men at Jesus med sitt offer ordnar Guds tilgjeving uavhengig av oss. Men viss ikkje me skal stillast til ansvar, får me ei lovlaus gudstru.

P:S: 27/7 skreiv eg uheldigvis Sal 26:10 istadenfor Jes 26:10 (om nåde på feil grunnlag).

Powered by Labrador CMS