Kommentar
RISE 2024: Nær 70 kristne kvinnelige ledere fra en rekke land var samlet til Rise 2024 i Amsterdam.
Rise 2024
Kvinnelege kyrkjeleiarar med eit tydeleg opprop
Kvinnene har vore der i kyrkjene gjennom alle tider. Dei har leia og teke ansvar som kristne, men slett ikkje alltid blitt anerkjende som leiarar. Namnlause har mange gått inn i historia og blitt gløymde.
No blir det retta ei innstendig oppfordring til den globale kyrkja om at alle, både kvinner og menn, skal kunne arbeide saman på like fot. For å gje Gud ære og styrke det kristne vitnesbyrdet.
Oppfordringa har fått namnet «The Call to all Christians» (Kallet til alle kristne) og er eit svar på Cape Town-erklæringa frå 2010. Leiarar i Lausannerørsla og Verdas evangeliske allianse stiller seg bak.