Debatt
MINISTER: Kjersti Toppe har vore i kyrkjedebatt med Høgres Nikolai Astrup. Innsendar meiner noko manglar i framstillinga hennar.
Alice Tegle
Kyrkja for alle, med unntak av Jesus, Toppe?
Ei kyrkje utan bøn og bibel vil ende opp som ei kulturkyrkje.
Tru- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp) skriv eit rørande innlegg i Bergens Tidende 21. september, til inntekt for Den norske kyrkja, og kyrkja si rett til statsstøtte.
Ho refsar Nikolai Astrup, frå det «historielause Høgre», som samanliknar kyrkjegang og trusliv med å trene på Sats.
Men når det gjeld Den norske kyrkja, har diverre Astrup rett.