Kommentar
Kyrkja kan vere eit farleg hus
«Det er trygt å feire nyttår i kyrkja», forsikra Den norske kyrkja på årets siste dag.
Ja vel? Skulle ikkje dét vere trygt?
Nei, denne jula og nyttårshelga var det ikkje opplagt at det var trygt å gå til kyrkje, og det var ikkje skredfare, ekstremregn eller hålke det handla om.
Vesle julaftan måtte politiet gjennomsøke katedralen i Cologne i Tyskland, fordi det hadde kome truslar. På sjølve julaftan måtte alle gå gjennom ein sikkerheitssjekk før dei slapp inn.
PST hadde alt slått fast at trusselen mot jødiske og israelske mål i Noreg var skjerpa. Like før nyttår sa dei at også kyrkjer og kristne forsamlingsstader i Europa framsto som moglege terrormål.
Det var då Den norske kyrkja rykka ut med forsikringa si.
Kanskje var det fleire enn meg som kjende eit lite grøss? I så fall var det eit grøss som sette oss i kontakt med den verdsvide kyrkja. Stadig fleire stader er kyrkjene blitt eit risikabelt hus å opphalde seg.
Den nye årsrapporten til Åpne Dører, World Watch-rapporten, viser at talet på kyrkjer og andre kristne institusjonar som er blitt stengde eller angripne, er sju gonger høgare i den siste rapport-perioden enn året før. Talet på hendingar har auka frå 2 110 i 2023-rapporten til 14 766 i den siste.
Verst er det i Kina, der over 10 000 kyrkjer er stengde eller utsette for åtak. India følgjer etter med 2 228.
Kinesiske huskyrkjer er tvinga tilbake dit dei starta: Til små forsamlingar som møtest i løyndom.
I Kina handlar det oftast om at styresmaktene stengjer eller riv kyrkjer, slik det skjedde i Nangang 11. januar i fjor. Politi og arbeidarar dukka opp i nitida om kvelden og starta rivinga av den store kyrkja, som ligg i provinsen Zhejiang. Kyrkjemedlemer som protesterte fekk ei hardhendt behandling, melde organisasjonen China Aid.
«Tidlegare kunne hundrevis, ja fleire tusen, samlast til gudstenester i huskyrkjer i Kina. Den fridomen er det no slutt på», skriv Åpne Dører i rapporten.
Når det gjeld India er situasjonen endå meir brutal. Her var det aggressiv mobb som sto bak kyrkjeåtaka. I konflikten mellom religiøse grupper i delstaten Manipur i mai i fjor vart 249 kyrkjer øydelagde i løpet av 36 timar.
Men vi treng ikkje gå eit halvår tilbake for å finne døme. Nyttårsaftan vart ei gudsteneste i Asansol i Vest-Bengal brått avbroten av ein valdeleg mobb som hadde plaga kyrkjelyden over lengre tid, opplyser menneskerettsorganisasjonen Christian Solidarity Worldwide (CSW).
I Nigeria, Burkina Faso og Niger er det radikale islamistar som står bak åtaka på kyrkjer og kristne institusjonar. Åpne Dører har registrert nær 950 åtak i desse tre landa. Heile 750 av hendingane var i Nigeria.
I Algerie har styresmaktene gått svært grundig til verks og stengt nesten alle protestantiske kyrkjer. Av dei 47 kyrkjene som var del av the Evangelical Protestant Church of Algeria (EPA), er berre fire framleis opne.
For ikkje å gløyme Egypt, der bygging og vedlikehald av kyrkjer har vore eit eksplosivt tema i årevis. Dagen skreiv nyleg om angrep på ein kyrkjeleg byggeplass i Øvre Egypt.
Så skjedde det igjen. 6. januar sette ein mobb fyr på eit hus som vart brukt til kyrkje. Også denne gongen skjedde det i Øvre Egypt, melder CSW.
Tankane går tilbake til Irak. I kaoset som oppsto i åra etter den amerikanskleia invasjonen i 2003, vart kyrkje etter kyrkje mål for terror og bomber. Det var ei medverkande årsak til den store bølgja av kristne flyktningar ut av Irak.
Åtaka skapte ei djup kjensle av utryggleik i kyrkjelydane og samtidig ein indre konflikt. For i desse mørke åra var det nettopp i kyrkjene, blant menneske som ville ein vel, at dei hadde følt seg trygge og kunne slappe av. Så folk fortsette å gå til kyrkje, men væpna vakter vart eit vanleg syn på kyrkjetrappa.
Også i Pakistan, som har opplevd fleire blodige åtak på kyrkjer dei seinare åra, held folk fram å gå i kyrkja. Også der har dei mange stader væpna vakter.
I Kina må dei no velje ein annan strategi. Ifølgje Åpne Dører-rapporten er kinesiske huskyrkjer tvinga tilbake der dei starta: Til eit mylder av små forsamlingar som møtest i løyndom.
«Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene faller», syng vi i ein salme.
Av og til fell faktisk tårna. Men kyrkja, i tydinga den kristne forsamlinga, står likevel.