Debatt
MOSKVA: På bildet ser vi den patriark Kirill under en påskegudstjeneste i april i år i Kristus Frelseren-katedralen i Moskva. Til høyre ser vi Russlands president Vladimir Putin.
Oleg Varov/AP/NTB
Kyrkjeleiaren som liknar på IS
Som religiøs ekstremist føyer patriark Kirill seg inn i ei farleg rekkje av leiarar i ulike religionar som legitimerer terror – og lovar evig liv til dei som er klare til å drepa.
I siste del av september reiste tre kollegaer og eg rundt i Nord-Irak. Åtte år etter at IS jaga og drap kristne, utsette jesidiane for folkemord og skremde livredde moderate muslimar på flukt, møtte vi kristne som brukar livet sitt til å hjelpa overlevande – uavhengig av tru – til å starta nye liv. Dei gjer det djupt inspirerte av Kristus.
Medan vi var i Irak, tok patriark Kirill i Den russisk ortodokse kyrkja igjen ordet. I ei preike i eit kloster i Moskva den 23. september bad Kirill russiske menn og å gå i krigen for Putin.
Han bad dei som blir sende i krigen, om ikkje å frykta døden. «Ver modige og gjer den militære plikta dykkar. Og hugs at dersom du ofrar livet for landet ditt, vil du vera med Gud i hans kongerike, i hans ære og få evig liv.»