Debatt
PROFF RETTLEIING: Rekrutteringa til kyrkjemusikalske oppgåver har ikkje vore god, for å seie det mildt, skriv Harald Myklebust. Her frå Øygarden i 2017, kor born og ungdom fekk sjansen til å spela på eit stort kyrkjeorgel og få hjelp og rettleiing av profesjonelle orgelmusikarar.
Øygarden / NPK
Kyrkjemusiske kvakksalvarar – eller?
Det er mangel på kvalifiserte (?) kyrkjemusikarar, slik eg opplever det forbundssekretær Thor Henning Isachsen i CREO (der mange organistar/kantorar er organiserte) i VL tidlegare i februar gjekk ut med, og får seg så til å bruke eit underleg uttrykk – «Gutteromsmusikarar» – på slike som ikkje har ein godkjend kantoreksamen. Eg veit ikkje om eg skal le eller gråte.
Ja, vi treng solide og gode kyrkjemusikarar som vil vere med å løfte opp og fram dei evangeliske rikdomane vi har gjennom bibelske tekstar, liturgi og for ikkje å snakke om salmar, hymner og songar – og eit vell av kyrkjemusikalske verk som komponistar opp igjennom tidene til i dag har gitt oss.
Menneske treng sjeleføde, ikkje berre gjennom estetiske sansar, men truslivet treng ord om frelse og nåde, og styrke til å leve som Guds barn. Her er forkynninga av Ordet og poesien med sine rike tekstar sentrale.