Debatt
STØTTEMARKERING: Eksil-iranarar under ein menneskeleg kjede på veg opp Karl Johan mot Utenriksdepartementet (UD) til støtte for det iranske folk.
Javad Parsa / NTB
Kyrkjer som tek parti for makta
Leiarar for godkjende kristne minoritetar i Iran kallar demonstrantar for «giftig sopp» og «kreftsvulst» – og vert no utnytta til fulle av regimet i propagandaen.
Demonstrasjonane i Iran har skapt djup splitting mellom leiarar for godkjende kristne minoritetar, og kristne som er blant dei mange som risikerer liv og helse for å stogga det brutale regimet.
Det sjiamuslimske ayatollah-styret i Iran godkjenner tre religiøse minoritetar: Kristne, jødar og Zarathustra-tilhengjarar. Dei små kristne assyriske og armenske minoritetane utgjer til saman kanskje 20–25.000 menneske. Dei har kvar sin representant i parlamentet. Dei to andre minoritetane har også kvar sin.
Dei godkjende minoritetane har fått behalda gudshusa og institusjonane sine. Trua si får dei armenske og assyriske kristne praktisera, men berre i heimar og kyrkjebygg og på sine eigne etniske språk. Å dela kristendom på farsi (persisk) er forbode. Ei rekkje assyriske og armenske kyrkjer som har teke imot konvertittar, som det er blitt mange av i Iran, er blitt stengde. Pastorar er blitt fengsla og dømde.