Kommentar
DEMOKRATI SOM KOSTAR: Det er tid for å ta eit steg til sides og prioritera når kostnadane ved kyrkjevalet har nådd eit nivå ingen ser ut til å vera komfortable med.
Birgit Opheim
Kyrkjevalet: Dyrt, men ikkje meir demokratisk
Nyleg kunne Dagen fortelja at det føreståande kyrkjevalet ser ut til å bli ein svulmande utgiftspost på kyrkjebudsjettet. 70 millionar kroner ligg an til å bli sluttsummen på kassalappen når kyrkja har gjort sitt for å få mobilisert sine talrike, men noko motvillige medlemmer.
Ein prislapp på over 70 millionar gir i seg sjølv lite grunnlag for å steila i møte med kyrkjevalet. Tal som dette er høgst relative. Kva får ein eigentleg for 70 millionar i dag?
Det er mangt som kan vera verd å betala mykje for, også om det ikkje tilsynelatande er det mest effektive, det som når lengst ut eller det alle intuitivt forstår er «best bruk» av ein gitt sum.