Debatt
HUMAN MÅTE: Mennesket har av Gud fått råderett over alt dyreliv på jorda, og har rett til å avlive dyr (...), skriv Magnus Leirgulen.
Adobe Stock
La domen på Nordmøre bli ein vekkjer for oss alle
Måndag 24. juli har Odd Dubland skrive eit lite innlegg i Dagen som eg undrar meg svært over. Eg har stor respekt for Dubland si forkynning, og ståstad i den kristne debattfloraen m.m. Men her skurrar det litt, om eg torer seie det slik.
Saka gjeld ein dom, og ei bot på kr. 6000 mot ei kvinne på Nordmøre som har sett ut musefeller med eit fallsystem ned i ei bøtte med vatn. Dubland er frustrert over at det ikkje skal vere lov å redusere på skadedyr bestanden lenger.
Men etter min forstand er det ikkje det som er poenget her. Dommen gjeld, slik eg forstår det, den måten mysene blir avliva på. Dubland er litt inne på dette, og synest det å drukne dyr på denne måten, når rovdyr (tilsynelatande) kan pine i hel sine byttedyr. Difor synest han at vi menneske og kan gjera det.