For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

PUSHING?: The Send har fått kritikk for at ein har pusha ungdom ut i teneste, skriv rektor ved Gå Ut Senteret. Bildet er frå The Send Rogaland.

Lande – utan å krasjlande

Publisert Sist oppdatert

I juni starta eg som rektor på Misjonsskulen Gå Ut Senteret, Normisjon sin bibel- og misjonsskule i Trondheim. Noko av det fyrste eg fekk vere med på var skuletur. Siste kvelden på turen var det delekveld og studentane fortalte kva bibelskuleåret hadde gjort med dei. Det var sterkt å lytte til det dei fortalde. Dei hadde lært mykje om seg sjølv, om Gud og blitt utfordra til misjon.

I evalueringa etter skuleåret kom det fram at omtrent ein tredjedel av studentane såg for seg at dei sjølv skulle vere eittåring, volontør eller gå inn i langtids misjonsteneste i utlandet. Like mange ynskte å vere engasjert i misjon i Norge. Det var tydeleg at dei hadde landa dette skuleåret på ein veldig god måte.

Omtrent halvparten av fjorårsstudentane heldt etter sommaren fram på Tjeneste og ledelse. Studentane på denne linja kombinerer teneste som eittåring eller ungdomsarbeidar med undervisning og samtalar med ein mentor. I løpet av året skal dei ha åtte veker med undervisning i Trondheim og ti individuelle mentorsamtalar.

Powered by Labrador CMS