For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

PÅ BEITE: Stordalen anerkjenner no at vi bør ha ein større andel beitande husdyr enn i mange andre land på grunn av ressursgrunnlaget vårt og det positive bidraget til biologisk mangfald, skriv Jenny Klinge.

Landet vårt er skapt for husdyrhald, Stordalen

Skal nordmenn eta kjøtt som ein del av eit variert kosthald som før? Eller skal vi akseptere premissen om at vi må redusere inntaket drastisk for klimaets del? Det mest fornuftige er opplagt det første.

Publisert Sist oppdatert

Gunhild Stordalen frå EAT og eg er ueinige om dette. Eg meiner at ho undervurderer kor viktig kjøtt har vore og er i det norske kosthaldet – og kor viktig det kjem til å vera for sjølvberginga vår i framtida. Nasjonal sjølvforsyning av mat er ein viktig del av eit berekraftig samfunn.

Norsk husdyrhald er noko heilt anna enn industrielt landbruk internasjonalt. Klimarekneskapen blir såleis annleis i utgangspunktet. Vi kan også auke beitebruken og bruken av norsk fôr til det beste for både husdyra og klimaet.

Eg er oppriktig bekymra for at kratt og etter kvart skog vil øydeleggje verdifull dyrka mark viss tilstrekkeleg mange nordmenn blir lurte til å tru at importert mat er betre enn norskprodusert. Medan Senterpartiet ønskjer å auke sjølvforsyninga, vil Stordalens EAT-diett dessverre redusere sjølvbergingsgraden vår kraftig i praksis.

Powered by Labrador CMS