| Minneord
Lars Gunnar Lie (1938-2025)
KRF: Lars Gunnar Lie vart fødd i 1938 og døydde 18. april 2025.
Liv Huse Olsen
Tidlegare statsråd og stortingsrepresentant gjennom mange år, Lars Gunnar Lie døde 18. april 2025.
Han vart fødd i Fjell i Hordaland, men gjorde sunnfjording av seg i vaksen alder. Han budde i Førde, der han var lektor i realfag i den vidaregåande skulen, og engasjerte seg i lokalpolitikk.
Frå 1975 sat han i kommunestyret i Førde for Kristeleg Folkeparti, og var ordførar frå 1981 til 1983. I 1985 vart han vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane fylke.