Lat oss få vie homofile
For den oppveksande generasjon er det utenkjeleg at homofili nokon gong har vore forbode, skriv fem teologistudentar.
Skrevet av Mario Liavåg (Møre bispedømme), Marte B. Åsen (Bjørgvin), Kristian Myhre (Møre), Mailiss Solheim (Bjørgvin), Anders Hove (Bjørgvin), alle teologistudentar ved Det teologiske Menighetsfakultet
---------------------
I fem år har homofile par kunne inngått ekteskap i staten Noreg. No vil Den norske kyrkje avklare forholdet sitt til den inkluderande ekteskapslova av 2009. Vi har venta lenge. Vi vil vie homofile. For den oppveksande generasjon er det utenkjeleg at homofili nokon gong har vore forbode.
Haldninga overfor homofile har definitivt endra seg til det betre sidan avkriminaliseringa i 1973. Det gjeld ikkje minst i Den norske kyrkje (Dnk), som sidan 2007 formelt har hatt to likestilte syn på homofili. I vår uttalte fleirtalet av biskopane, nærmare bestemt 2/3 av Bispemøtet, at det ikkje er noko læremessig i vegen for at to av same kjønn skal få inngå ekteskapet i Dnk.
Det er dermed ikkje sagt at debatten er død. Som teologistudentar ved Det teologiske Menighetsfakultetet har vi lyst til å dele eit par refleksjonar. Tradisjonelt sett har Bibelen vore fremste reiskap i argumentasjonen mot å vie to personar av same kjønn. Dette tykkjer vi det ikkje er grunn til. Tyder det at vi kastar Bibelen over bord? Er den ikkje eintydig i sin omtale av homofili? Er ikkje Skrifta lenger den øvste autoritet i lærespørsmål i Den norske kyrkje?
For det første handlar ikkje dette om kven som les mest i Bibelen. Skrifta har alltid vore gjenstand for forsking og vorte tolka ulikt til ulike tider. Vi vil alltid lese Bibelen med utgangspunkt i vår eiga kontekst, og bør vere merksame på at Bibelen vart skrive i ei heilt anna ei. Det er uklokt å lese Bibelen ukritisk. Vi kan ikkje lese blindt det som står der, så vi ikkje ser kva den vil vise oss.
Dessutan er ikkje teologi ein konstant storleik. Med bibelske tekstar forsvarte kyrkjeleiarar slaveriet, meinte at kvinner skulle underordne seg mannen og nekta kvinner å arbeide som prestar fram til midten av førre hundreår. Slik er det ikkje lenger. Det er med andre ord ikkje første gong kyrkja endrar oppfatning og teologi. Og takk og lov for det!
Kva med Paulus? Når det gjeld tekstane hans som omhandlar seksuelle handlingar, er det lite truleg at Paulus held seg til homofil kjærleik. Dermed vurderer vi det til at Paulus ikkje tek stilling til det vi debatterer i dag, om to menneske av same kjønn som elskar kvarandre og trufast vil stå ved kvarandre si side livet ut. Derfor tykkjer vi det vert vanskeleg å bruke desse tekstane som argument mot det vi i dag kjenner som homofil kjærleik.
Det handlar om kva premiss, eller tolkingsnøkkel ein legg til grunn for å lese, og forstå Bibelen. Vår tolkingsnøkkel til å lese Bibelen er Guds radikale kjærleik til alle menneske, det er også det vi forstår Bibelen oppmodar oss til å dele, og å vise andre. Derfor blir det for oss feil å nekte to som ønskjer å vise kvarandre denne kjærleiken og dele den livet ut å få gjere dette.
Enkelte hevder at vi forkaster Bibelens ekteskapsforståing dersom vi går inn for likekjønna ekteskap. I beste fall er det ei misforståing. Ein kan ikkje samanlikne ekteskapet slik det er i dag med korleis det var på nytestamentleg tid. Då var inngåing av ekteskap ei sak mellom brudgommen og bruda sin far, eventuelt mellom dei to familiane. Det vart satt ein spesifikk pris på den komande bruda som vart lova bort til ein framtidig ektemann. Dessutan var ekteskapet i stor grad prega av kjønnsrollehierarki der kvinna skulle underordne seg mannen i eitt og alt. Ei slik ekteskapsforståing har vi gått bort frå for lengst. I dag er samlivet frivillig, likestilt og bygd på kjærleik mellom to autonome menneske.
Med tanke på at DnK opererer med to likestilte syn på homofili tykkjer vi det er noko underleg at prestar framleis blir nekta å vie homofile. Vi er heilt på linje med alle biskopar, samt Kyrkjerådet, om at ulikt syn på homofili ikkje er kyrkjesplittande. Korleis kan kyrkja då nekte prestar å vie to personar som elskar kvarandre og ønskjer å stå trufast ved kvarandre si side livet ut?Vår melding til Kyrkjemøtet er klart: Vi vil vie homofile!