Kommentar
BARNELÆRDOM: Teikneserie med identitetspolitisk tematikk er del av leselystprosjektet Bokslukerprisen som mange skular legg inn som obligatorisk arbeid i desse dagar.
Skjermdump
Leselekse for elleveåringar i haust: Jentekyssing og påstand om at «alle er litt bifile»
Kva oppnår vi med at ti- og elleveåringar må ta stilling til seksuell legning som del av skulearbeidet?
Nyleg møtte eg ei mor på min veg, som hadde opplevd at elleveåringen hennar hadde hatt ei ubehageleg skule-oppleving. Barnet hennar orka rett og slett ikkje å lesa leksa si.
Ved nærare ettersyn såg mora at leksa inneheldt bilete av to kyssande jenter. Ei av jentene i teikneserien som var lekse, konkluderte slik: «Helt ærlig så tror jeg alle mennesker er litt bifile uten å vite om det».
Del av leseaksjon