| Debatt
Likt og ulikt i Gaza-krigen og andre verdskrigen
GAZA: Israel har ført sin forsvarskamp ikkje berre på si side av grensa, men gått inn på fienden sitt område. Vi ser ruinane og grushaugane som til forveksling kan minne om fleire tyske byar i 1945, skriv Svein Børtveit.
Ohad Zwigenberg / AP / NTB
Etter som eg les og høyrer ulike uttalar om Gaza-krigen, har eg gjort nokre refleksjonar med tanke på ei samanlikning med andre verdskrigen og fredsoppgjeret då.
Starten på krigen
Det er allment akseptert at andre verdskrigen starta då Tyskland angreip Polen 1. september 1939. Rett nok var Austerrike og Tsjekkoslovakia annektert før, men sjølve krigen starta med eit planlagt militært angrep, og England og Frankrikes svar på dette med å erklære Tyskland krig.