Debatt
Lise Lindbæk såg med aukande uro på «uforsonligheten» i Israel
Den dansk-norske journalisten og forfattaren Lise Lindbæk er nok best kjent for sine reportasjar frå den spanske borgarkrigen der ho som einaste kvinne blei oppfordra til å skriva «historia» mens krigen rasa.
Før den tid reiste ho i ein periode rundt i Europa og samla inn Nansen-brev. Det var Vitskapsakademiet i Oslo som hadde engasjert henne. Slik fekk ho kontakt med mange sentrale politikarar og «posisjonsmenneske». Ho var i Tyskland då Hitler fekk sett gjennom sin fullmaktslov som i realiteten gjorde jødane rettslause. Ho seier det tente sosialdemokratane til ære at dei unisont røysta mot denne loven med fare for eige liv. (Over ein fjerdepart av dei sosialdemokratiske representantane blei myrda eller pinte i hel etterpå.)
Lise Lindbæk kalla seg ikkje kristen, men bergpreikedynamikken var nok ein integrert del av hennar liv og grunnlaget for hennar samvær med menneske av ulike kategoriar. Ho var mellom anna skuffa over den einvise nasjonalismen ho møtte i mange utgåver; særleg i Aust-Europa, for der var kartet teikna på nytt etter oppløysinga av Austerrike-Ungarn, og mange var svært misnøgde med dei nye grensene og korleis dei blei buande i nye land.
Ho forstod at situasjonen for jødane i Tyskland ville bli uuthaldelege og var svært aktiv i hjelpearbeidet. Det førte til at ho i 1934 fekk invitasjon til å koma til Palestina og sjå korleis busetjarane hadde etablert seg. (Saman med den tysk-jødiske legen Max Hodann skreiv ho i 1935 boka «Jødene vender hjem»).
Ho blei invitert til kibbutzen Mishmar Haemek utanfor Haifa. Der såg ho korleis hardt arbeid hadde forandra sumplandet til grøderik mark. Men ho registrerte og meir. Ho såg korleis alt var lagt opp for å sikra barna: dei budde i moderne steinhus med rennande vatn, mens foreldra heldt til i dårlege overfylte brakker eller telt og «sleit helsa» av seg.
Eg siterer frå boka «Brennende jord» utgitt i 1958: «I koloniene eksisterte der overhodet ingen barnedødelighet; i den arabiske landsbyen 500 meter unna gikk den opp til bortimot 50 prosent, og de gjenlevende arabiske barna hadde ofte det eine øye tilklistret av den fryktelige øyensykdommen trachom: de jødiske leger, som det var en sann overflod av, behandlet nesten aldri araberne, – man ville ikke risikere smitte i Mishmar Haeemek! Araberne hadde tidligere eid denne jorden og ikke fått stort ut av den gjennom årtusener: nå satt de hatefulle og stirret på dens oppblomstring og på de friske og kjekke jødiske barna. Bitterheten rettet seg mot alle jøder. De fleste jødene omtalte araberne med uendelig ringeakt, skjønt det fins mange unntakelser og det ofte blant folk i ansvarlige stillinger: det rasehat og den forfølgelse hebreerne gjennom årtusener har vært utsatt for, later ikke til å ha lært dem toleranse eller respekt for andre folkeslags menneskeverd og egenart».
Harde ord. Jødane hadde opp gjennom diasporaen vore nøydde til å støtta kvarandre for å overleva som populasjon. Hadde ho kanskje forventa litt meir «messiansk» takksemd etter at dei endeleg var tilbake i det «lova landet».
Ho heldt fram med hjelpearbeidet, men såg med aukande uro på «uforsonligheten» som berre blei meir og meir sementert etter kvart som staten sette seg.