For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

TRONTALEN: Framleis er det slik at når Kongen les opp Trontalen i Stortinget, avsluttar han med å be Gud velsigne Stortingets arbeid. Eg tenkjer det er fint, skriv Kjersti Toppe.

Livssynstomt samfunn?

Publisert Sist oppdatert

Siste året har eg vore så heldig å få vere trus- og livssynsminister. Fundamentet for trus- og livssynspolitikken er Grunnlovas §16. Der står det at alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving og at alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

Staten skal altså ikkje berre respektere innbyggjaranes trus- og livssynsutøving. Staten er etter Grunnlova §16 og forplikta til å støtte materielt opp under trus- og livssynssamfunnas verksemd, også økonomisk. Ved å støtte opp under trus- og livssynssamfunna, sikrar vi ikkje berre innbyggjarane si religionsutøving. Vi får noko meir, blant anna livskraftige lokalsamfunn og sterkare fellesskap.

I januar 2013 la Sturla Stålsett fram ein viktig offentleg utgreiing ( NOU 2013:1) med tittelen « Det livsynsopne samfunn – En helhetlig tros- og livssynspolitikk». Omgrepet « Det livssynsopne samfunn» blei lansert i rapporten og fekk snart stor oppslutnad. Omgrepet blei omfamna og er tatt i bruk av både politikarar og trus- og livssynssamfunna. Det er blitt ein plattform for ein trus- og livssynspolitikk for ei ny tid. Samstundes som det ber i seg kjende prinsipp og tradisjonar. I Hurdalsplattforma slår også regjeringa fast at vi ynskjer eit livssynsope samfunn. Det inneber at vi ynskjer eit samfunn der vi har respekt for og kunnskap om livssynet til kvarandre.

Powered by Labrador CMS