Debatt
RAKNAR: Det er sårt å sjå at livsverket til organisasjonen Besteforeldrenes Klimaaksjon raknar som følgje av at fysiske fakta viser at det heile er grunna på eit bedrag, skriv Jostein Sandsmark.
Berit Roald / NTB
Livsverk til fånyttes
Det er sårt å sjå at livsverket til organisasjonen Besteforeldrenes Klimaaksjon raknar som følgje av at fysiske fakta viser at det heile er grunna på eit bedrag.
Den utpeika syndebukken er den harmlause og livsnødvendige CO₂ gassen – som er naturens byggjestein til alt grønt på jord. (Ironisk er det at dette stoffet som er grunnlaget for alt grønt liv, skal verta til denne «giftige» klimagassen – og opphavet til Det Grøne Skiftet – som nettopp skal fjerna og destruera denne livsgassen!)
Nå skal alle CO₂-utslepparar skrotast, så som brennstoffbilar, oljeforbrukarar i privatliv og næringsliv og alle kolfyrte el-kraftverk. Alt skal gå på elektrisitet som skal framstillast med såkalla fornybare kjelder. Men ingenting kan prismessig måla seg med vasskraft, kjernekraft eller kolfyrte el-kjelder. Dermed fekk me dyrtid, konkursar og privat- og samfunnsmessig fattigdom med senka levestandard. Men alt for å berga det framtidige klimaet.