Meninger
Løn for at ein lever
Ei strofe lyder slik i ein song. «Når man blir seksogseksti da gjør man som man vil». Å, jasså, då. Er det ikkje heller «då gjere man ettersom kreftene strekke til»? Kreftene er nemleg ikkje dei same, som då ein var ung. Skal mindre innsats til for å bli trøytt, trøyttheta kjem fortare.
Løna kjem trufast, men heiter no pensjon. Ikkje løn for det me gjere, men for at ein lever. Det er framleis lov å arbeida.
Før var det noko som heitte dugnad. Folk møtte opp, gjorde ein innsats utan lønn, gjorde det ut frå ansvar og omsorg. Frivillig og ulønt var innsatsen.
Eg kjenner ein del som har vore tilsette i misjonen. Alderen kom og dei vart pensjonistar. Stoppa kallet? Nei. Ein sa det slik: «Forskjellen er berre at no er det ikkje misjonen som lønar, men staten, og det heiter pensjon.»
Gå av ifrå den stilling ein var i, pensjonera seg, gjer ikkje alle. Nokre minkar ikkje på innsatsen og iver, tvert om. Han, karen som me kallar «gamle Adam», han står på for fulle mugger utan tanke på pensjon.
Eg har møtt så mange. I Guds rike har dei gjort ein innsats frå unge år. No er dei gamle pensjonistar, men kallet er ikkje pensjonert. Nokre som ledera, andre meir i det skjulte. «At Herren ikkje har tatt meg heim kan tyda på at eg framleis ka vera til nytte», sa ho. Møter arrangerer dei, kan ikkje lata vera å be folket dei har fått lagt på hjarta.
Ta djevelen med til Golgata, der lika han seg ikkje. Spør kven som vann og kven som tapte.
Nokre har opp gjennom livet bruka fritida på å reisa rundt og forkynna, utan løn, og fortset med det som pensjonistar og.
Med takk minnast eg dei som var blitt pensjonistar, og ikkje var løna lengre. Men dei var villige til å reisa ut og forkynna. Kallet levde i dei. Dei kom opp til Helgeland, med tenarsinn og vitnetrong. Ein ressurs, kalla han dei, han som fekk dei ut. Eit privilegium, sa fleire av dei. Kallet dreiv dei innanfrå, og vart stadfesta av det ytre kall.
«Kan ikkje seia at eg har eit kall, men eg kan ikkje lata vera å samla borna», sa ho som starta opp som ung, og no var gammal.
Nyttar ikkje, er djevelens omkvede. Ikkje vil han at folk skal samlast om Guds ord. Han veit kor farleg det er. Slutt av, lyder det.
Me var mange samla om bordet her heime før i tida. No er det berre kona og meg. Skal me slutta å eta fordi me er berre to? Skal me slutta å finna mat til hunden fordi den er berre ein?
Læresveinane gjekk til ei oppgåve dei ikkje såg rekkevidda av. Ut til ei fortapt verd, men med eit frelsande bodskap. Jesus avvæpna djevelen på korset. Ta djevelen med til Golgata, der lika han seg ikkje. Spør kven som vann og kven som tapte.