| Kommentar
Løven av Juda-kritikarane gløymer noko
Det som er uhøyrt med Haakon Lies barnebibel, liknar noko som er uhøyrt med Bibelen sjølv.
Dette året ha vi fått noko så uvanleg som ein totalt nyskapande, men likevel teologisk solid barnebibel. At han møter motførestillingar, er som forventa. Men eg trur kritikarane gløymer noko viktig.
Oppdraget med å skriva bokomtale av Haakon Lies uregelrette verb i floraen av barnebiblar, står framleis som eit herleg høgdepunkt i 2024.
Eg hugsar kor eg var. Den litt omfangsrike boka hadde fått bli med til eit hotellrom i ein norsk by, der eg skulle gjera unna litt arbeid innimellom eit nokså fullt program.
Men den kreative gløden i «Løven av Juda» loppa meg for store delar av nattesøvnen og gav meg rett og slett bakoversveis. Av rein begeistring.
Moro og motførestillingar
Barnebibelen til Lie representerer meir enn moro og overskot. Her møter også lesaren forplikting på og djup kjærleik til Bøkenes bok.
Dette landa i meg med eit salig splash.
Men, som eg også skreiv i juni, dette er eit konsept som «vekkjer motførestillingar før du får sagt Adam». Den forventinga har også blitt innfridd.
Dette landa i meg med eit salig splash.
Eit halvår etter utgjevinga viser det seg at «Løven av Juda» er ein bestseljar. Lie siktar seg inn på ein internasjonal marknad, og ideen hans kan fort visa seg å ha eit globalt potensial.
Samtidig har nokre lesarar uttrykt at dei har vore skuffa over at eg omfamna prosjektet her i avisa. Andre har berre vore uroa over konseptet i seg sjølv.
Forståeleg uro
Etter kvart har eg tenkt at desse innvendingane fortener drøfting. Eg vil ikkje ta lett på uro over trusformidling til barn. Såpass uortodoks formidling kan verka svært framand. Det skal ein ta på alvor.
Og la det også vera sagt: Heller ikkje eg trur at «Løven av Juda» passar for alle. Bøker appellerer så ulikt. Men kritikken av denne barnebibelen har kanskje vore av eit litt anna slag.
For å oppsummera litt: Nokre reagerer på sjølve kongstanken til Lie. For mange blir det feil å framstilla verkelege personar i Bibelen som dyr. Bibelen er ei heilag bok, menneska der er ikkje dyriske eventyrfigurar og historiene er ikkje segner. Bør ikkje stoffet behandlast og framstillast med meir respekt?
Ufarleg teologi?
Ei anna problemstilling knyter seg til korleis denne barnebibelen fungerer overfor kyrkjeframande. Vil dei ikkje berre tru at historiene her er på linje med eventyr og animasjonsfilmar som dei får inn i alle kanalar? Blir kristen sanning stilt likt med alt anna?
Eit underliggjande spørsmål er om Løfteslandet er uttrykk for ei useriøs tilnærming til teologi? Ta framstillinga av Moses som flodhest, i Lies frodige strek. Vil ikkje bileta ta brodden av heile teologien, kanskje ufarleggjera han, og stilla flodhest-Moses fram til spott og spe?
Desse momenta oppsummerer hovudlinjene i kritikken, slik eg har høyrt han.
For å ta det siste først. Også folk som er kritiske til barnebibelen, har fått med seg at Haakon Lie er ein svært kunnskapsrik mann. Han er ein som har prioritert bort mykje anna og lagt ned uhorveleg mykje arbeid i prosjektet sitt.
Ikkje eit nytt univers
Det å undersøkja Lies prosjekt nærare, er noko eg vil råda alle som er bekymra til. Han har ikkje berre hjartet på rette staden, han har rett og slett opna Bibelens skattkammer på ein ny måte. Den raude tråden er bibelbegeistring.
Sjølv om det kan sjå ut som om at kunstnaren har skapt eit nytt univers, er ikkje det rett. For alt i denne barnebibelen byggjer på Bibelens eige univers.
Det spenner frå symbolikken, via språklege uttrykk som har bibelsk opphav og til samanhengar i Guds eige skaparverk. Lie har henta ut ressursar som i bibeltekstane finst som eit ofte uutnytta potensial. Han har heist opp friskt vatn frå Bibelens djupe brønn.
Bibelen legg sjølv opp til ein symbolbruk og metaforikk som overgår det meste. Det handlar om at vi skal forstå ting som eigentleg ligg utanfor menneskeleg fatteevne.
I djupaste forstand er det at «Ordet blir kjøt», Guds eige dristigaste grep for å gi oss eit møte med Han sjølv.
Han, som er uskapt, klyv inn i sitt eige skaparverk for å nå oss. Det er uhøyrt. Og det er heile menneskeslekta sitt håp.
Eg - ein sau?
Det er langs desse linjene vi må tenkja dersom vi vil våga meir for å vekkja lengten etter samanheng og sanning i nye generasjonar. Når ein ser etter, er det Bibelens eigen biletbruk som har inspirert Lies barnebibel.
Det at eg som menneske stadig vekk er omtala som sau i Bibelen, er til dømes ikkje ei degradering. Det er tvert om noko som på djupsindig, humoristisk, inderleg og alvorleg vis får fram ei sanning om situasjonen min og relasjonen til skaparen min.
Når det gjeld barn som er kyrkjeframande, vil eg seia det same gjeld for dei som for alle barn. Dei treng vaksne. Om dei les denne barnebibelen eller ein annan, vil forteljingane i ein barnebibel alltid vera avhengig av at vaksne si hjelp dei og rettleiing.
Her er dei ofte i same situasjon som den etiopiske hoffmannen, han vi møter i Apostelgjerningane 8. Han forstår heller ikkje kva han les, men får hjelp.
Dette er ikkje Bibelen
Det eg trur kritikarar av Løfteslandet gløymer, er at dette ikkje er Bibelen. Det er ein barnebibel. Den er ei hjelp til å koma inn i forteljingar, inn i Guds verdsbilete, inn i samanhengar som er skjulte og ofte utilgjengelege i den verda dei møter.
Det eg også trur kritikarane gløymer, er at barn er deltek i livet og lesinga på ein annan måte enn vaksne. Saumlaus skifting mellom leik og livsalvor, fantasi og fakta, gjer barn til eit publikum som tek i mot tekstar på ein annan måte.
Den leikne lesinga som «Løfteslandet» legg opp til, er ikkje ein motsats til at sanning vert sådd inn og at grunnlaget blir lagt for å forstå Bibelen som vaksne. I barnebibelen barna våre fekk utdelt i kyrkja då dei var fire år, har alle personane komisk kulerunde auge, illustrasjonane er langt enklare enn Lies, og tekstutvalet mykje smalare. Eg trur heller ikkje dette hindrar seinare bibelglede.
Men dei må sjølvsagt på eit tidspunkt leggja vekk førestillinga om at alle folka i bibelforteljingane såg slik ut, eller at alle forteljingane der er så greie å skjøna som dei i utvalet dei las som små.
Frå barnetru til vaksentru
Barn veks til. Det at Moses såg ut som ein flodhest i ei bok dei las då dei var små, vil ikkje vera til hindring for å skjøna at han faktisk var ein heilt ekte, historisk person når dei blir eldre.
Det å gå frå ei barnsleg til ei vaksen truserkjenning, er ein kompleks prosess, Gleda over å finna ut at ei fascinerande forteljing faktisk er sann i aller djupaste meining, det å få trua i gåve heilt uavhengig av mor og far eller andre vaksne, er noko heilt spesielt.
Haakon Lies innsats for å fremja bibelglede, er dessutan eit kraftfullt vitnesbyrd langs linjene i visjonen Bibelen sjølv er breiddfull av. Vi finn eit døme i Salme 24, formulert av kong David: «Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til, verda og dei som bur der er hans.»