Debatt
TEOLOGI: Til dømes handlar debatten om homofilt samliv i vår tid i røynda ikkje om samlivsetikk, men om bibelsyn, skriv Torbjørn Bjorvatn.
Adobe Stock
Luthersk teologi kan redde kristendommen i Noreg
Det er berre Guds ord som kan hjelpe menneske til frelse. Me har ikkje fullmakt til å leggje til eller trekkje frå.
Denne overskrifta kan nok provosere. Men norsk kristenliv treng meir lutherdom – ikkje mindre.
Med luthersk teologi tenkjer eg på nøkkelomgrep i den augsburgske vedkjenninga og i dei andre læreskriftene frå reformasjonen på 1500-talet. Eitt viktig slagord var «Skrifta aleine». Frå denne tida har me også læra om «bota», som blei eit kjernepunkt i luthersk teologi.
Fem hundre år etter Martin Luther treng norsk kristenliv ein ny reformasjon – eit nytt opprør mot den rådande teologien i landet. Dette gjeld ikkje berre i den lutherske leiren, men i høg grad også blant pinsevenner og andre kyrkjesamfunn.