Kommentar
RETORIKK: Dei har funne eit ord som er akkurat passe stygt.
Julia Nikhinson
Lyst å perfeksjonera baktalen? Lær av USA-demokratane
USA-demokratanes nye favorittuttrykk i valkampen, «weird», har tvunge meg til å besøka ei tvilsam tverrgate i mitt eige synderegister. Baktaling.
Om lag samtidig med at Tim Walz (60) vart utpeikt som presidentkandidat Kamala Harris visepresidentkandidat-makker, kom uttrykket «weird» (dvs. rar/snodig) inn i valkampens daglegtale.
Walz vert sagt å vera den som effektivt slusa inn uttrykket. Han har sidan hamra det inn som karakteristikk på republikanarar generelt og Donald Trump og makker J.D. Vance spesielt.
Folkeleg genistrek?