Kommentar
KJØKKENARBEID: Halvtimen ved kjøkkenbenken har sin eigenverdi, skriv Jarle Kallestad i denne kommentaren.
Vasilenko Dmitry, Adobe Stock
Må eg høyre Bibelen mens eg lagar middag?
Bør eg ha dårleg samvit dersom eg ikkje lyttar til Romarbrevet eller profeten Nehemja medan pastaen putrar og eg finn fram skrellekniven?
Multitasking er eit av tidas store honnørord. Å stille kritiske spørsmål ved kunsten å gjere fleire ting samstundes er like fjernt som snakke med ein 20-åring om pensjon.
Ifølgje Store norske leksikon betyr multitasking «å utføre flere oppmerksomhetskrevende oppgaver eller ferdigheter samtidig.»