Leder
Manglande oppgjer med ein sjuk pornokultur
I 2024 er det lov å kalla absolutt alt for «sykt». Men ein plass går grensa. Det lærte vi nyleg av to kvinnelege komikarar på VGTV.
Martha & Fetisha er eit nokså nytt konsept frå VGTV, med venninnene Martha Leivestad og Fetisha Williams som programleiarar. Ifølgje førehandsomtalen var målet å skapa «et morsomt studioprogram med ekte historier og reaksjoner. Og ikke minst meninger».
Etter premiere i mars, er dei to damene no i gang for fullt. Dei slo an tonen i første sending. Med ein naken mann i studio. Dei lova «mykje gøy og mykje crazy» i framhaldet. Men kva er eigentleg gøy og crazy for tida?
I tillegg til eit langsiktig mål om å reformera norsk datingkultur, speler Martha inn pinleg drikkedisko-låt, og venninnene prøvar elles å skrika høgt nok til at den «drøye» humoren kanskje kan framstå som litt drøyare. Eg skal spara lesaren detaljane, men det vert aldri langt mellom lågmåla. Du kan seia mykje om nye programkonsept, men at dei er så veldig oppfinnsame? Neppe.
Eitt vulgært uttrykk pluss eitt bannord per setning strekk berre ikkje til for å nå den feststemninga dei to ønskjer å skapa. Dei må i alle fall spe på med stadige kvinne-vræl. Og leverer eit solid bidrag til å forsterka den allereie utbreidde oppfatninga om at kvinner ikkje har humor.
Martha og Fetisha er likevel både populære og folkelege. Førstnemnde vart for eksempel folkets favoritt som «Årets morsomste» under Humorprisen i 2021. Fetisha driv suksessrik podkast med over 30.000 unike brukarar per episode, ifølgje Podtoppen.
Tilstandsrapporten frå eit feminint bakrom i beste sendetid tilseier at likevel at moderne kvinneliv framleis er eit fengsel. Dersom kvinneidealet i tidlegare tider kretsa i ein snever bane rundt kjøkken, mann og barn, går «frigjorde» kvinner som Marthe og Fetisha i ein endå meir innskrenka bane. Rundt seg sjølv og behovet for å synleggjera eigen seksualitet.
Tilstandsrapporten frå eit feminint bakrom i beste sendetid tilseier at likevel at moderne kvinneliv framleis er eit fengsel
Det vart imidlertid særs interessant då det nyleg dukka opp ein episode der damene fann det nødvendig å trekka opp ei grense. Og det er vel då vi bør følgja med, når det dukkar opp ei grense i eit grenselaust univers. Kva i alle dagar skjedde?
På eitt tidspunkt skal Fetisha avsløra kor mykje skjermtid ho brukar på ulike datingappar. Ho tilstår at det fort går med over tre timar i veka til slikt. Ille nok, kanskje men eit slikt faktum forvitrar fort.
For i neste no glepp utav henne at ho brukar 5 timar og 45 minutt i veka på porno (!) Ein av dei andre gjestane i studio reagerer spontant: «Neimen, det er jo helt sykt!!»
Men gjesten blir fort korrigert. Etter litt nøling frå Fetisha sin makkar Martha, blir skapet sett på plass: «Det er jo ikke sykt», seier Martha i eit uvanleg anfall av alvor. Den kronisk useriøse finn brått fram sin indre barneskulelærar og besserwisser på ein gong: «Man bruker tida si akkurat hvordan man vil. Sex er en hobby for mange.»
I mellomtida har gjesten fått samla seg, og aksepterer premissane. Ho tek tilbake sin høgst naturlege og spontane reaksjon. Og dermed er det etablert: Det er lov å kalla alt «sykt» for tida. Berre ikkje samfunnets spinnville pornobruk.
Tull med alt, trø ned kva tabu som helst. Men ikkje rør pornoen. Dette er altså ein leveregelen til feministar som prøver hardt å vera festlege, men ikkje maktar utretta noko med humoren sin.
Er det noko som verkeleg treng motstand, må det vera den pill rotne pornoindustrien. Kva med å gjera narr av den? Eller i det minste gi litt tyn til den som prøver å normalisera pornokonsum i beste sendetid? Damene treng ikkje moralisera, ikkje vera pripne,.Alt som trengst, er eit lite anstrøk originalitet. Eit par sekund med smartness.
Men dessverre. Martha og Fetisha tviheld på ei utdatert førestilling om porno som noko spennande og frigjerande og heilt normalt. Folk kallar alt «sjukt» no for tida. Å bli foreldre er «sjukt», å vinna OL-gull er «helt sykt», og det same er stemninga på eit lovsongsmøte.
Men når uttrykket for ein gongs skuld passar, då må det trekkast tilbake.
Porno og pornobruk treng ikkje ein heiagjeng på VGTV. Det er etter kvart rikeleg med undersøkingar som underbyggjer korleis pornokulturen har festa grepet på samfunnet. At følgjene er særleg frigjerande, er noko stadig færre trur på.
Medietilsynet si undersøking frå 2020, viste at rundt halvparten av 13- 18 åringane hadde sett porno på nett, og talet er akselererande. Dessutan viser undersøkinga at talet er «betydelig høyrere for gutter enn for jenter». Det handlar truleg ikkje om manglande frigjering. Ubehaget ved å bli konfrontert med eit degraderande kvinnesyn, er naturleg nok størst hos jentene sjølv.
Porno er moderne slaveri sitt sleipaste uttrykk. Det maskerer samfunnet si djupe einsemd. Det er menneskehandel sett i system. Kvinneundertrykking maskert som moro. Dop og djevelskap for den oppveksande generasjon.
Ein organisasjon som Fight The New Drug dokumenterer koplingane mellom menneskehandel og pornobransjen, og her i Noreg har til dømes heltfri.net gjort ein stor innsats for å skapa auka medvit om pornoens destruktive potensial.
At moderne kvinner lar ein sjanse gå forbi til gi verdens mest kvinnefiendtlege bransje eit verbalt lyskespark er ikkje berre utruleg. Det er faktisk heilt sjukt.