Kommentar
MISJONSLEIAR: Karl Johan Hallaråker fyller 80 år 10. juni.
Bjørn Olav Hammerstad
Mannen mot straumen
Måndag 10. juni fyller ein av bedehusrørsla sine fremste nolevande leiarar 80 år. Men Karl Johan Hallaråker er ikkje nokon heilt typisk bedehusleiar.
Han er nært knytt til bedehuset, men vil ikkje kutta kontakten med Den norske kyrkja. Dette skreiv han om her i avisa så seint som i mai i år. «Mitt lågkyrkjelege lekmannssyn (sjølv om eg er ordinert prest i Den norske kyrkja) gjer det ikkje nødvendig å forlata Den norske kyrkja. Her har eg framleis mitt kall», skreiv han då.
Karl Johan Hallaråker er utdanna teolog, og arbeidde som prest heime på Bømlo i åtte år før han flytta til hovudstaden og blei lærar ved det som då var Indremisjonsselskapet (no: Normisjon) sin bibelskule, no NLA Høgskulen i Staffeldts gate. Så det kunne ha blitt Den norske kyrkja, og det kunne ha blitt Normisjon.