Debatt
Martin Luther sitt falske lys
Per Bergene Holm gav meg 22/9 tilsvar på kritikken min 2/9 mot paulinsk-luthersk-roseniansk evangelieforståing. Men liksom Egil Sjaastad 3/8 i møte med min kritikk 27/7, møtte også Holm meg med ein hersketeknikk, fordi han doserte si lære, men unnlét å drøfta fleire av argumenta mine.
Og ein kjerne i læra hans er at Gud krev meir av oss enn det me maktar. Men i lys av Sal 19 bør me sjå både naturlovene i universet (v. 2–7) og lovene for våre personlege liv (v. 8–15), som Guds gode livslover for oss, og Sal 119,4 er klar på at Guds påbod er til for å haldast.
Og med sitt positive syn på syndemakta i høve til kva Gud kan makta i oss, fremjar Holm i røynda ein liberal teologi som gjev syndenaturen rett, slik at ein må godta t.d. homofil sjølvrealisering.
Han reindyrkar Gal 3,10 og 5 Mos 27,26 om at den som ikkje held Moselova, er under forbanning, sjølv om dette er i strid med Ordet si hovudvekt på Gud som ein miskunnsam og nådig Gud – jf. 2 Mos 34,6–7: «Jahve er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning. Han let miskunn vara i 1000 ættleder, han tilgjev misgjerning og synd. Men han let ikkje den skuldige vera ustraffa, han heimsøkjer misgjerningane åt fedrane på born og barneborn i 3. og 4. ættleden.»
I ei balansert tru må me difor vekta Guds miskunn 500 gonger meir enn Guds dom. Og kjenner ein Guds lovnader, slik Moses gjorde då han i 2 Mos 32,9–14 protesterte mot eit ord frå Gud, er det faktisk råd å få Gud til å angra eit domsord. Jf. også Guds anger etter at folket i Ninive vende om (Jona 3). For sentralt i Guds lov er at han vil ha samfunn med oss; difor inviterte Jesus læresveinane til å be, med lovnad om positivt svar: «Vert de verande i meg, og orda mine i dykk, kan de be om kva de vil, og de skal få det» (Joh 15,7).
Ved å la frelsa kun kvila på Jesus, forkastar Holm ansvaret me har til å venda om.
Far til guten med ei vond ånd (Mark 9,17–27) forstod heldigvis at han kunne be ei bøn som respons på Jesu «krav» om at alt er mogleg for den som trur. Og ropet hans «Eg trur, hjelp meg (til å overvinna) vantrua mi», gav frukt: den ureine ånda for ut or guten etter Jesu ord. Responsen vår på Guds «krav» om tru skal difor vera bøn med forventning om Guds hjelp i tråd med sine lovnader i Ordet.
Kravet i Guds lov er difor mykje lettare enn det Holm hevdar, noko Jesu ord i Matt 11,30: «For mitt åk er gagnleg, og mi bør er lett», stadfestar.
Men i staden for Guds bod lærer han ein gratispassasjer-veg; at me kan lena oss på Jesu død – i vår plass på våre vegne. Men viss Jesus døydde i vår plass på våre vegne, er han ikkje lenger vår Herre, men vår tenar – jf. tydinga av ordet «stedfortreder» (wikipedia.org).
Og ved å la frelsa kun kvila på Jesus, forkastar Holm ansvaret me har til å venda om; å ved Guds miskunn by fram lemene våre som eit levande og heilagt offer til Guds hugnad, fordi himmelriket er kome nær (Matt 4,17; Rom 12,1).
Også dette viser at evangelisk tru i røynda er ei liberal og lovlaus tru – som i staden for å byggja på Guds vilje og evne til å la sin vilje råda gjennom sitt folk (1 Mos 1,26 ff; Mark 9,23), byggjer på eit egoistisk attrå etter Guds velsigning, med paktarane i Matt 21,33–41 som trådde etter den arven som var tiltenkt vingardsherren sin son, som førebilete.
Konklusjon: Holm og evangelisk-luthersk ortodoksi bryr seg eigentleg ikkje om heile Guds ord, men driv eit falskt kyrkjeleg spel for å få folk til å føla seg frelste i Gud, basert på lovlause premissar.
Holm har elles rett i at eg på ein måte «forvirrar». Men det må vera på høg tid å avsløra dette falske evangeliet.
P. S: 27/7 kom eg i skade for å skriva Sal 26,10 der eg siterte Jes 26,10.